Organisasjonen Dysleksi Norge blei stifta i 1976, og jobbar i dag for alle med lese- og skrivevanskar, mattevanskar og språkvanskar.

Dysleksi Norge har ca. 8.000 medlemmar og 600 abonnentar. I tillegg har organisasjonen rundt 40 lokal- og fylkeslag rundt om i landet, deriblant Dysleksi Sunnmøre.

Katrin Dahlstrøm er leiar for Dysleksi Sunnmøre, og engasjerer seg veldig kring å opplyse kring dysleksi og dyskalkuli. Difor tok ho initiativet til å invitere inn til ein «Mattedag» på Quality Hotel Ulstein. Føredragshaldarane var Elise Klaveness og Line Rønning Føsker.

Fokus på dyskalkuli

Under «Mattedagen» var fokuset naturleg nok retta mot dyskalkuli. Dyskalkluli er eit uttrykk for spesifikke lærevanskar knytt til matematikk. Ein meiner i dag at det er rundt 20 prosent av alle nordmenn som har generelle vanskar med matte, innan ulike område.

Ein meiner også at 60 til 80 prosent av førskoleborna som seinare utviklar matematikkvanskar, kunne vore oppdaga ved hjelp av enkel testing i førskulealder.

Elise Klaveness er utdanna innan matematikk og fysikk, og har fleire grader frå NTNU, UC Berkeley, Brown University med meir. Ho forskar spesifikt på matematikkvanskar, og kunne presentere ei rekkje verkemiddel og tips til lærarane som var til stades på føredraget hennar.

– Ein må ha fokus på meistring, på å gje elevane verktøy for å avlaste hjernen og ikkje minst, ha fokus på god matematikkundervising og kommunikasjon. Ein må unngå for høg grad av oppskriftslæring, seier Klaveness til Vikebladet Vestposten.

Line Rønning Føsker har ein master i matematikk frå NTNU, og var frå 2002 til 2015 tilsett som høgskulelektor ved Høgskulen og Buskerud og Vestfold. Ho har jobba med utviklingsarbeid i fleire kommunar, i tillegg til etterutdanning i arbeid med matematikk i barnehagen. Ho har forska spesifikt på dei yngste borna si matematikkutvikling og har skrive fleire lærebok-kapittel i tillegg til å ha vore med på rapporten «Alle teller meir», ei evaluering av innføring av ny rammeplan for barnehagane.

– Dette er viktige tema å gripe fatt i tidleg, seier ho.