– Hjartestartarregisteret 113.no er det einaste offentlege registeret som er drive av helsemyndigheitene og også det einaste som er synleg i kartverket på AMK-sentralane, forklarer prosjektleiar Siw Lilly Osmundsen i ein e-post til Vikebladet Vestposten.

Ho skriv vidare at det vil gagne samfunnet dersom flest mogleg registrerer sine hjartestartarar.

– På den måten kan AMK vise til at det er hjartestartarar i nærleiken dersom det er meir enn éin førstehjelpar til stades. Det viktigaste er uansett at hjarte- og lungeredning blir sett i verk så snart som mogleg, fortel Osmundsen.

Ho forklarar at det er to grunnar til at det er færre treff i det offentlege registeret enn andre stadar.

– Det har med vår kvalitetskontroll å gjere, samt at vi vart lansert i april, men vi tek imot all hjelp vi kan få for å auke talet på dei registrerer sine hjartestartarar.