For dei fleste av elevane ved Ulstein vidaregåande skule som reiste på utveksling dette skuleåret, fall nok valet på land som USA og England. Jonathan frå Hjørungavåg hadde andre planar.

– Det er nok fleire ting som gjorde at eg ville ta VG3 her i Murmansk. Eg har alltid hatt lyst til å besøke Russland, men eg forventa ikkje å ende opp som student her. Eg har fleire gonger vurdert å reise på ferie til Russland, og når eg fann ut at det var mogleg å bli student her, så tok eg sjansen og søkte, seier Jonathan til Vikebladet Vestposten.

Han forklarar at han hadde byrja å bli lei av skule, men at moglegheita til å studere i Russland gjorde om på det.

– Eg var som alle andre litt skulelei etter mange år på skule, og ville gjerne gjere noko anna for å blåse nytt liv i skulelysta mi. For meg som er interessert i historie, sosiologi og språk var Russland eit godt val. Russland er eit land som har alt dette, men med ei historie og eit samfunn som skil seg frå det vi har i Noreg. Så er også russisk eit språk eg lenge har hatt lyst til å lære, seier Jonathan.

Spanande kvardag

– Livet i Murmansk er på mange måtar likt livet i Norge, men på andre måtar ulikt. Det første ein legg merke til er at alle snakkar russisk, at det er soldatar over alt og at bygningane ser litt slitne ut. Den fyrste utfordringa mi var at nesten ingen snakkar meir enn berre litt engelsk.

Han beskriv skulen sin i Murmansk som eit typisk sovjetisk bygg frå 1980-talet, men at han har kompetente lærarar og at skulemiljøet er bra. Murmansk er dessutan ein by under utvikling, seier han.

– Det er viktig å hugse at sjølv om Murmansk er ein av dei byane i Russland med minst endring sidan sovjet-tida, så opplever byen ei stadig modernisering, spesielt dei siste åra.

Eit land med andre verdiar

Jonathan fortel at han trivast som elev i Murmansk.

– Alt i alt er det svært kjekt og interessant å bu og leve her. I tillegg til å gå på ein annan skule med andre folk, så er ein i eit anna land med anna språk, kultur og verdiar. Berre det å bu i Murmansk er svært lærerikt i seg sjølv og ein lærer mykje meir om det russiske folk, språket og kulturen her enn det ein får til gjennom ei bok. Eg gler meg til fortsetjinga, seier han.

Shopping: Her har Jonathan tatt bilde av det nye kjøpesenteret Murmansk Mall som inneheld matbutikk, frisør, restaurantar, bokhandlar med meir. Foto: Privat. Foto: Privat
Vennskapsbyane: På dette monumentet i sentrum står det ei oversikt over vennskapsbyane til Murmansk. Tromsø er éin av desse. Foto: Privat. Foto: Privat.