– Klart eg heiar på slike talentfulle damer som Bennie, ho kan klare det ho vil, seier Fondevik.

Dei to møtest utanfor Blåhuset i Usteinvik og Fondevik får lese det Bennie har skrive om henne i forordet i masteroppgåva:

«Høsten 2011 traff jeg min tidligere norsklærer på et kjøpesenter i Ulsteinvik. Vi slo av en prat og snakket litt om jobb. Ordene jeg husket godt av den korte samtalen var «Jeg synes du er for flink til å ikkje gå på skolen, Bennie». Jeg kom hjem den kvelden med de ordene i tankene og fortalte mannen min om samtalen. To år senere satt jeg på skolebenken igjen.

Jeg vil rette min takknemlighet til min tidligere norsklærer, Birgitte Fondevik Grimstad, for de oppmutrende ordene hun gav meg og som fikk meg til å begynne på skolen igjen. Som en innvandrer i Norge betyr det mye for meg å få den anerkjennelse.»

– Dette var rørande, seier Fondevik.

– Språkmektig og dyktig

Då Bennie Bantilan Hansen kom til Ulsteinvik i 2001, hadde Birgitte Fondevik permisjon frå jobben som lektor i norsk på Høgskulen i Volda. Ho jobba som norsklærar på Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik, og hadde også ansvar for å administrere norskopplæringa.

Ho hugsar godt at Bennie var elev på norskopplæring.

– Ho hadde høg utdanning frå heimlandet, og eg har vel sjeldan hatt ein så språkmektig og dyktig elev, seier Fondevik, som er svært glad for at den tidlegare eleven no har fullført masterutdanning i samfunnsplanlegging og leiing.

Mange med høg utdanning

Bennie Bantilan Hansen hadde ein bachelor i psykologi frå Filippinane då ho kom til Noreg i 2001.

– På den tida var det ganske mange innvandrarar med høg utdanning som hadde behov for å dokumentere norskkompetanse på eit høgare nivå, anten fordi dei ville ta høgare utdanning eller for å få seg jobb, fortel Birgitte Fondevik.

Her i Noreg fekk ikkje Bennie godkjent bachelorutdanninga si frå Filippinane, og det er ei sak som engasjerer Fondevik.

– Sånn generelt meiner eg at det her i landet er altfor mange innvandrarar med høg utdanning som ikkje får brukt ressursane sine. Det er nok lettare å kome inn på arbeidsmarknaden om ein har ei utdanning frå Noreg, seier Fondevik.

– Merkeleg

Birgitte Fondevik viser til at ein innvandrar med til dømes legeutdanning frå heimlandet må dokumentere norskkunnskapar på høgt nivå for å få kunne praktisere her i landet.

– Den gangen Bennie gjekk på norskkurs var lovverket annleis. Frå 2015 opna styresmaktene for at innvandrarar kan få norskopplæring på høgt nivå, fortel Fondevik.

Førsetnaden er at innvandrarane må klare dette innan 600 undervisningstimar.

– Ulstein kommune har i dag eit slikt tilbod, men særleg i små kommunar kan det vere utfordrande å få gitt eit godt nok tilbod til dei flinkaste. Akkurat dette er ei sak eg brenn litt for. Eg synest vel at styresmaktene i større grad bør kunne tilby eit god norskopplæringstilbod til dei innvandrarane som ønskjer å lære seg norsk, både raskt og på eit høgt nivå, seier Fondevik.