Det er veteranar i pelagisk fiske som varslar om den alarmerande situasjonen. No blir Havforskingsinstituttet kopla inn, skriv Fiskeribladet.

– Eg har aldri sett eller høyrt om liknande situasjonar som den vi har no. Det er observert mager småmakrell på heile kysten frå Rogaland til Finnmark. Makrellen har stort hovud og er på storleik med ein kulepenn, seier tidlegare bas og makrellfiskar, Jan Johansen frå Ålesund til Fiskeribladet.

Johansen meiner at ein går strake vegen mot ei økologisk katastrofe om det held fram slik og meiner forskarane no må ta situasjonen på alvor. Han oppfordrar difor folk til å sende prøver med frosen makrell til Havforskingsinstituttet for å dokumentere overfor dei kor stort og omfattande problemet er.