Ishavsmuseet Aarvak byr i år inn til ei rekordstor handverksmesse i Brandal. Den tradisjonsrike førjulsmessa har i år heile 54 utstillarar.

Allereie tidleg laurdag var det godt med folk som hadde funne vegen til Brandal, og det var periodevis nærast uråd å finne parkeringsplass i rimeleg avstand til Ishavsmuseet.

Vel inne finn ein eit vell av ulike handverksprodusentar, som lagar alt frå kle, ullprodukt, knivar, pynt og dekorasjonar til mat og andre smakfulle varer.

I år var det utstillingar over tre etasjer i Ishavsmuseet, medan det også var nokre produsentar som heldt til utandørs eller i Aarvak-bygget.

Sjå glimt frå første dagen av handverkdsmessa i toppen av saka.

Meir om julemessa på Ishavsmuseet kjem i tysdagsavisa.