Å kjøpe ballkjolar og dressar til skuleball kan fort bli ein dyr affære. Og desse kjolane blir gjerne berre brukt på denne eine festen, og ser like fine ut etterpå. Ved Ulstein ungdomsskule skiftar jentene kjole utpå kvelden.

Elevrådsleiar Aurora Shera er tiandeklassing og fortel at dei gjerne brukar eit par månader på å planlegge kva dei skal ha på seg. Jentene som går i åttande- og niandeklasse nøyer seg gjerne med ein kjole. Dei går i ein relativt kort kjole heile kvelden. Men jentene i tiande klasse startar kvelden i ein lang ballkjole, så skiftar dei utpå kvelden til ein kort, som er betre å danse i.

Ho fortel at det er vanleg å bestille slike kjolar på internett framfor å handle i lokale butikkar i Ulsteinvik.

– Har du kjolane klare?

– Ja, den eine, men eg har ikkje funne den andre, svarer ho.

Øystein Thomodsæter er også tiandeklassing og sit i elevrådet, men han stressar ikkje like mykje med påkledninga.

– Eg satsar på at dressen frå konfirmasjonen passar. Om ikkje kan eg ta på meg dressen til broren min som er to år eldre, seier han.

Alle som vil kan kjøpe

Om nokon har ein kjole, dress, finskjorte eller finsko dei vil selje kan dei levere det inn på Ulstein Frivilligsentral måndag eller ungdomsskulen torsdag. Pengane går til seljaren, men det blir anonymisert, så ein veit ikkje kven sine klede ein kjøper.

– Ein kjole som ein er lei av kan vere drøymekjolen til ein annan, seier Inger Anne Dimmen i Frivilligsentralen.

Ho har oppretta arrangement på Facebook for salet og det vil bli hengt opp plakatar på ungdomsskulen. Ho synest det er flott at ungdomsskulen er så positive til arrangementet og at dei får ha dette på skulen utanom skuletida.

Sjølv om salet blir arrangert i samarbeid med elevrådet på ungdomsskulen og det er der arrangementet skal vere, er arrangementet ope for alle i bygda som vil kjøpe seg ein ny kjole eller dress.