Budsjettarbeid i Hareid formannskap

Måndag var Hareid formannskap samla til møte, hovudsakleg for å diskutere budsjett for dei neste fire år.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge innleidde om at formannskapet må ikkje sjå seg blind på detaljane. Det er viktig å sjå heilskapen. Ho snakka om korleis ein skal få ei positiv utviklinga i Hareid kommune. Det er mange tiltak ein gjerne skulle hatt pengar til, men her gjeld det å prioritere hardt og tenkje over kva som er ei kommunal oppgåve og ikkje.

I 2030 vil Hareid ha mange fleire eldre per arbeidstakar. Det er viktig å leggje til rette for at blir mest mogleg sjølvhjelpne, difor prioriterer ho også pengar til digitalisering og velferdsteknologi.

Ho meiner det ikkje er ei kommunal oppgåve å byggje og drifte ein fotballhall, difor har ho tatt denne investering ut av budsjettet, så kan heller kommunen bidra med 200 000 kr i året i drift av hallen.

Fleire meinte fotballhall er viktig

Men fleire i formannskapet ytra at det er viktig å få på plass ein slik hall. Kristian Fuglseth (Folkelista) sa at der er eit stort behov i kommunen for denne hallen.

Ordførar Anders Riise (Høgre) sa at hallen har vore ute på anbod. Prisen ser ut til å bli mykje høgre enn dei hadde tenkt, men Hareid IL har bedd om eit møte med han der dei kan gå gjennom kravspesifikasjonane, kanskje dei kan få ned prisen? Etter møtet med idrettslaget (tysdag) kan Riise kome tilbake til formannskapet med saka. Det er politisk vedteke at hallen skal byggjast. Men då kommunen vedtok det var prisen sett til 16,5 millionar, no har han stige til 22 millionar, men ordføraren hadde tru på at prisen ikkje treng å bli rett så høg.

Rådmannen sa at ho hadde hatt møte med idrettslaget og informert dei om at kommunen ikkje har pengar til fotballhall. Ei slik stor utgift vil gå utover drifta i kommunen. Ho har vore i kontakt med rådmannen i Volda, som har opplyst om at dei har god erfaring med å la idrettslaget byggje hall. Idrettslaget får bygt billegare enn kommunen.

– Eg har ikkje noko imot bygging av fotballhall, men eg rett og slett ikkje fleire kakestykke å dele ut, sa Rådmannen og viste til at ho må prioritere kommunale oppgåver.

Står på KIF-planen

Annika Brandal (Venstre) ville vite om fotballhallen står på KIF-planen (kommuneplan for idrett og fysisk aktivitet). Det kunne Silja Øvrelid stadfeste at han gjer, i framlegget til KIF-plan. Det var opplyst om at tiltaket må stå på denne planen for å få utbetalt spelemidlar. Det vart på møtet også sagt at det er lettare for kommunar enn idrettslag å få utbetalt momskompensasjon, noko som vil bidra til å gjere hallen billegare å byggje.

Stian Runne Brandal (Arbeidarpartiet) meiner bygging av fotballhallen vil få store ringverknader. Det handlar ikkje berre om fotball, også turn til dømes vil nytte godt av dette.

– Dette er av dei beste tiltaka me kan gjere for førebygging, meinte han.

Jeanette Teigene (Framstegspartiet) støtta at det var viktig å få på plass fotballhallen. Ho har sitte og fordelt treningstider i kommunen, og det har vore eit mareritt. Det er alt for dårleg kapasitet på treningsbaner.

Det vart på møtet også sagt at ein kan få med eit vilkår i bygginga av hallen at han også skal kome krinsane til gode, ikkje berre Hareid sentrum.

Det vart ikkje vedteke noko på møtet, men det var tydeleg stemning for at dei vil jobbe vidare med å finne ei løysing.