Ein ung mann frå Ytre Søre Sunnmøre er dømd til 40 dagars fengsel, men fullbyrdinga av straffa er utsett med ei prøvetid på to år.

Han skal i tillegg betale 10.000 kroner til statskassa, og blir utan førarkort i tre år.

Lovbrotet skjedde i november i fjor. Mannen hadde ikkje gyldig førarkort, og han køyrde med promille. Politiet vart merksam på bilen fordi han heldt uvanleg stor fart, og dei bestemte seg derfor å følgje etter han. Då hadde bilturen gått over ei ikkje ubetydeleg strekning.