Straffa vart sett til 4,5 års fengsel i tingretten, medan lagmannsretten fastsette fengselsstraffa til 4 års fengsel, skriv Vestlandsnytt.

Grunngjevinga frå lagmannsretten er at mannen hadde tilstått det han var sikta for.

I det som må reknast som ein av dei mest omfattande overgrepssakene som er avdekka i regionen, vart mannen dømd for å ha hatt jamleg seksuell omgang med ei jente frå ho var 10 til 15 år. Det er også skjerpande at det er ein familiemessig relasjon mellom mannen og jenta. Minst 250 gonger skal det ha skjedd seksuelle overgrep mot jenta, og 50–60 gonger før ho fylte 14 år.