I år har eg vore trendy, og det utan å vere klar over det på førehand.

Vi har nemleg gått til innkjøp av bubil, min betre halvdel og eg. Og det har visst halve Noreg gjort også, for ifølgje forhandlarane har bubilsalet gått rett til himmels dette året.

Vi hadde vore på utkikk etter ein rimeleg bubil heile våren og brått dukka det opp eit tilsynelatande gunstig tilbod hos ein forhandlar nede på Austlandet som vi slo til på. Usett. I løpet av nokre hektiske formiddagstimar hadde vi fått ordna både finansiering og skrive under kontrakt, og som ved ein guddommeleg styrelse var også bror min i hovudstaden, på jakt etter skyss heim.

Bubilen kom dermed til gards utan dei store komplikasjonane, men som fersk bubileigar er det mykje å setje seg inn i. Til dømes dette med gass. Propangass kan jo vere ei potensiell dødsfelle, men med tanke på at dei fleste husstandar nedover i Europa nyttar gass dagleg utan den store dramatikken, så burde dette vere grei skuring. Og det vart det for så vidt også.

Så har du dette med dass. Her må det handlast inn spesialpapir som løyser seg lettare opp enn den tradisjonelle sorten. Så må vi ha sanitærvæske som syter for at innhaldet i tanken vert omdanna til ein substans med høveleg konsistens, samstundes som det skal lukte friskt. Eit kjøleskap som vekselvis vert drive via straumnettet, bilbatteriet eller av gass var også gjenstand for ei bratt læringskurve, til liks med den gassdrivne varmtvasstanken. Når det gjeld å fråvriste dusjen sine mysterium får det vente til neste sesong.

Det som overraska oss mest med bubillivet var likevel helsekulturen.

Det syner seg at det er ein uskriven regel at bubilturistar helser på kvarandre når dei møtest på vegen, nett slik motorsyklistar gjer det og eigarar av elbilar gjorde det tidlegare. Med dei enorme mengdene bubilar vi møtte på veg nordover, vart vi raskt erfarne helsarar. Ikkje alle tok seg bryet med å helse, og ettersom radioen ikkje fungerte (noko måtte det jo vere), underheldt vi oss sjølve med å forske på kva slags bubilsjåførar som helsar og kven som ikkje gjer det. Dette empiriske grunnlaget var så nytta til å lage ein prognose over kor sannsynleg det ville vere å ta imot ei helsing frå møtande bubiltrafikk. Erfaringane våre var at helsefrekvensen var høgast hos eldre alkovebilar med godt vaksne sjåførar og at viljen til å helse vart proporsjonalt svakare dess dyrare bubilen var. Og slik gjekk no dagane.

Første turen gjekk som nemnt nordover. Først til Bodø for å sjå til borna som var på speidarleir der. Deretter til øykommunen Træna langt ute i havet, der det faktisk knappast er vegar å køyre på i det heile. Seinare på sommaren gjekk turen til Sørlandet og Sverige. Så det vart utanlandstur i år også. Bacon kjøpte vi òg.

Bubillivet passa oss heilt ypparleg. Vert ein sliten og trøytt er det berre å finne ei høveleg avkøyrsle og slenge seg opp i køya for ein liten strekk. Og, som då vi vart fanga i ei endelaus kø på E18, køyrde vi enkelt og greitt ut på ein rasteplass, kokte oss middag og lufta bikkja, medan trafikken snigla seg forbi på vegen ved sida av.

No står bilen trygt forvara under tak, verna mot vinterstormar og snøfall. Men før vi veit ordet av det er våren her. Då skal både vi og bilen vår vere klar for nye eventyr!