Eg lærte ganske tidleg at det beste forsvar var å svare tilbake. Det var i alle fall inga hjelp i å seie i frå. Gutestrekar vart det kalla, terginga og klypinga eg og mine klassevenninner opplevde i skuletida. Særleg dei jentene som kom tidleg i puberteten måtte finne seg i at dei var målskive for umodne gutekvalpar. Desse gutane lærte vi å handtere. Vi var stort sett smartare og sterkare enn dei, og kunne gje dei både verbal juling og truge med fysisk bank. Seinare handla det om noko vanskelegare. Om menn i maktposisjonar. Om ungdomsskulelæraren som alltid kom inn i jentegarderoben etter gymtimane. Om fransklæraren på gymnaset som ga oss franske namn, og om ho som fekk namnet Brigitte fordi ho var så…ja, kremt…du veit…he-he. Om IOGT-leiaren som alltid stod så nære og som lukta på oss. Om sommarjobbsjefen som alltid klådde på oss. Var dette seksuell trakassering? Det er ikkje lett å seie kvar grensene går. Men eg lærte tidleg å vere på vakt og ikkje minst kunsten å kunne svare tilbake utan at nokon vart fornærma. Å bli trakassert og seie i frå er ofte ei einsam oppleving, med lite støtte frå andre. Og om du seier i frå, kan det fort blir verre. Kan hende du stoppar det der og då, men du risikerer å bli latterleggjort som prippen, som ein som ikkje toler ein spøk. Eller du møter andre sanksjonar. I alle fall heilt fram til no.

#metoo-kampanjen har bølgja over oss. Det som starta med ei twitter-melding i USA, har spreidd seg over store deler av verda. Vi har fått høyre om alt frå verbal maktmisbruk til valdtekter. Mange har blitt overraska over omfanget. Kan det verkeleg vere så mange kvinner som har opplevd ei eller anna form for seksuell trakassering? Mi erfaring tilsa at spørsmålet heller måtte vere; finst det kvinner som ikkje har opplevd det? Det viktigaste med kampanjen har ikkje vore å namngje menn, sjølv om Harvey Weinstein er eit heiderleg unntak. Nei, det viktigaste har vore å sette søkjelys på ein ukultur og få ein offentleg debatt som fører til endring. Og mykje kan tyde på at kampanjen har lukkast med det. Bransje etter bransje har teke innover seg at dette skjer og har skjedd, og mange har etablert nye rutinar, både for korleis seie i frå, og korleis handtere det som blir rapportert.

I kjølvatnet av kampanjen har også menn kasta seg inn i debatten. På ulike måtar. Først ute var forfattar Arne Berggren, som i ei ytring på nrk.no på mange måtar bagatelliserte kampanjen ved å hevde at også kvinner har sine svin på skogen, og at kvinner som gjer det same mot menn har sloppe billig frå det. Etter massiv kritikk kom unnskyldninga, han la seg langflat som det heiter. Neste mann ut var forfattar Jan Guilou. I eit intervju med Aftenposten sa han at ein eldre mann var noko av det mest motbydelege ein kan vere no for tida. Og at han no var usikker på om ein kunne gje kvinner ein klem. For å vere litt flåsete: om ikkje Guilou - eller andre menn- forstår forskjellen på en vanleg klem blant vener og kjende, og ein klem som skapar ubehag, då er det ikkje rart at så mange kvinner oppleve seksuell trakassering. Til slutt i rekka kom Aftenposten sin Joakim Lund, som i ein kommentar skreiv at: no trur eg mange menn har fått nok. Han meinte at debatten hadde blitt vel unyansert, at menn som gruppe har blitt stigmatisert som overgriparar. Og vidare - at ja, det finst nokon som gjer det, men eit overveldande fleirtal menn verken trakasserer, grafsar eller utfører sovevaldtekter. Det har faktisk Joakim Lund rett i, dei fleste menn trakasserer ikkje kvinner. Og det har heller aldri vore hevda. Så kvifor reagera desse mennene så sterkt då? Eg trur dei kjenner på det vanlege ubehaget ved å oppleve seg generalisert. At når nokon snakkar om nokre menn, tenkjer andre at det gjeld alle menn. Og at i staden for å adressere det eigentlege problemet – at nokre menn driv seksuell trakassering av kvinner – blir ein meir opptatt av å bevise at ikkje alle menn gjer det, at kvinner også trakasserer og heng seg opp i detaljar ved historiene som blir fortalde. Som når Kjetil Rollnes i eit innlegg på facebook skriv: For kvar historie som kjem ut, blir det litt enklare for kvinner å grave fram gamle minner, omtolke gamle erfaringar, lage traume av trivialitetar, og mane fram eit samfunnsproblem av enorme dimensjonar. Amanda Schei hadde eit glimrande tilsvar til Rollnes i eit innlegg i Dagbladet, der ho skriv: Vi har alle møtt ein mann vi helst vil unngå å vere aleine i same rom med. Tanken på at ein slik mann skal holde karrieren din i hendene sine er skremmande.

For det er først og fremst det #metoo handlar om – arbeidslivet. Det skjer mykje ugreitt i det private livet også, men då er det lettare å unngå situasjonen eller gå frå den. Om mannen som trakasserer deg i tillegg har makt over karrieren din, då er situasjonen ei heilt annan. Det er flaut, audmjukande og sårande å bli utsett for utilbørlege handlingar i jobbsamanheng. Og som NHO-sjef Kristin Skogen-Lund seier i eit VG-intervju; det var nesten meir audmjukande at ingen andre sa noko.

Folkens, det er vår tur, skreiv den australske forfattaren Benjamin Law, og oppretta emneknaggen #howwillIchange. I staden for å stille spørsmål ved og trekkje i tvil dei mange opplevingane kvinner har meldt frå om, brukar menn verda over denne emneknaggen for å fortelle om korleis dei skal endre seg for å hindre at kvinner blir utsatt for trakassering og overgrep. Fleire skriv at de no vil handle når dei blir vitne til trakassering. Som da rapparen Drake stanset konserten sin og kjefta på ein mannleg publikumar som tafsa på ei kvinne. Det same gjorde vokalisten Sam Carter i bandet Architects, då han såg ein mann tafse på ei kvinne under ein av songane. Han stoppet konserten og sa: Eg såg ein person tafse på henne. Det er ikkje din kropp og du skal ikkje tafse på nokon. Ikkje på mitt show. Om du følar for å gjere det igjen, kan du berre stikke. No fortset vi. La dette vere ein trygg plass for alle saman. Og la oss ha det kult. For ikkje så lenge sida var eg på eit møte der ein kvinneleg leiar vart seksualisert i en tilsynelatande uskuldig kommentar. Eg trur at mannen si intensjon var å gje eit kompliment. Men alle vi kvinnene som var tilstade reagerte. Men ingen sa noko. Og det får vere mi #howwillIchange; neste gang skal eg seie noko! Eg skulle sagt: Hei, eg høyrde kva du sa. Det var unødvendig. Om du føle for å seie noko slikt igjen, må du forlate møtet. No fortset vi. La arbeidsplassen vår vere ein trygg plass for alle saman. Og la oss ha det kult!