I eit intervju med NRK Møre og Romsdal fortel Helge Orten (H), stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal og leiar i Stortinget sin transportkomité, at han ønskjer at heimfylket skal vere blant dei fyrste til å teste ut teknologien med førarlause køyretøy. I Kongsberg skal ein teste ut førarlause bussar allereie neste år.

– Eg håper vi kan vere såpass framoverlente her i fylket at vi faktisk kan teste ut slike køyretøy på utvalde strekningar. Det er byområda som er mest aktuelle i førsteomgang, seier Orten til NRK.

– Har sett på moglegheitene

Ordføraren i Ulstein kommune, Knut Erik Engh, ivrar for at også Ulstein kan vere med på ein slik test.

– Dette er framtida. Vi har faktisk jobba med dette ei stund allereie. Vi har vore i kontakt med ein av produsentane av slike førarlause bussar, i Nederland. Vi er opne for å vere ein testarena for denne typen teknologi. Det er ei kjent sak at vi er opptekne av teknologi, teknologilæring og teknologiutvikling i Ulstein, både når det gjeld næringslivet og det kommunale, og vi ser på dette som eit glimrande høve til å vere med på nok eit veldig spanande teknologiprosjekt, seier Knut Erik Engh.

Han var tydeleg i eit innlegg på sin Facebook-profil på tampen av helga at han allereie ser føre seg ei testrute.

– Ja, vi har jo ei rute mellom Ulstein vidaregåande skule og Ulsteinvik sentrum som eg veit hadde vore ein veldig aktuell testarena for denne teknologien. Her har ein vidaregåande-elevar som i mange tilfelle ønskjer å kome seg til og frå sentrum. Med førarlause bussar som går i rute mellom desse to punkta kunne vi fått mange gode tilbakemeldingar frå personar som verken er spesielt skeptiske til ny teknologi eller som ser på det som noko unyttig. Eg trur utviklinga vil gå ganske raskt. Kanskje har vi om berre nokre få år like mange sjølvkøyrande bilar som elektriske bilar på vegane våre?

– I framtida trur eg vi vil sjå mange slike førarlause bussar, og andre førarlause køyretøy på vegane våre. Dette er teknologi som er komen for å bli, seier han til slutt.

Førarlaus: Slik ser transportselskapet Kolombus sin sjølvkøyrande buss ut. Selskapet er den aktøren som har kome lengst i testinga av denne teknologien her til lands. Foto: Kolombus. Foto: Kolombus