Det var i slutten av september i år at oppdragsgjevar Statens vegvesen sin entreprenør Christie & Opsahl AS starta på jobben med å byggje ny ferjekai og oppstillingsareal på Sulesund. Vegvesenet melder no at arbeidet er godt i gang, og at det ferdige resultatet skal stå klart 1. januar 2019.

Same dag dei tre heilt nye ferjene frå Fjord1 skal byrje å gå i sambandet, som det Havila-eigde selskapet skal drifte frå og med denne datoen. Desse tre elektriske ferjene skal kunne lade batteria sine både på Sula- og Hareid-sida av Sulafjorden.

14.000 kubikkmeter masse

Entreprenøren har ifølgje Statens vegvesen rigga seg til ved den gamle ferjekaia og held no på med grunnarbeid. Steinen som blir sprengt ut av fjellet skal nyttast til å lage ei fylling i sjøen. Hittil er det sprengt ut heile 14.000 kubikkmeter masse som har blitt nytta til dette føremålet.

Entreprenør Christie & Opsahl har dei siste vekene utført sprengingsarbeid tett mot trafikkert veg, og arbeidet har difor vore tilpassasa i forhold til dei mange ferjeavgangane i løpet av eit døgn.

Vegvesenet fortel at ferjetrafikken har gått som normalt, og at oppstillingsfilene har blitt mellombels forlenga med rundt rekna 120 meter austover mot Sulavegen.

Betong etter nyttår

Sprengingsarbeidet ved oppstillingsplassen for ferjekøa blir ferdig før jul, opplyser Statens vegvesen.

På nyåret skal entreprenøren halde fram med sprenging i sjøen. Etter nyttår startar Christie & Opsahl med betongarbeid for landkaret, og i februar skal dei gjere pelearbeid frå ein flåte.

- Når vi nærmar oss våren skal entreprenøren flytte maskinene opp i fjellsida og lage rasvollar, skriv Vegvesenet.

Ferjekaia vil sjå ganske annleis ut når ho står ferdig 1. januar 2019. Foto: Statens vegvesen.