Ordførar Knut Erik Engh (Frp) hadde det ærefulle oppdraget med å dele ut plaketten til butikkleiar ved Mester Grønn Blåhuset, Camilla Gotten Sydhagen. Det synlege beviset på at butikken og resten av kjeda no er Miljøfyrtårn-sertifisert får nok etter kvart heidersplassen på veggen bak disken.

Resultat av mange års arbeid

Mester Grønn-kjeden er Norges største heleigde blomsterkjede med over 100 butikkar frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Gjennom fleire år har kjeda samarbeidd med Miljøfyrtårn, eit arbeid som har resultert i ei heilt ny sertifiseringsordning for store verksemderog kjedar. Dette med eit mål om å lage ei berekraftig ordning som større verksemder kan binde seg til, både når det gjeld det økonomiske og organisatoriske.

- Mester Grønn er den fyrste kjeda i landet som er sertifisert etter denne ordninga. Det betyr at både hovudkontoret og alle dei 120 butikkane er forplikta til å ta miljøansvar. På den måten tek vi vare på kloden vi bur på, seier Camilla Gotten Sydhagen.

Som også fortel at butikken sitt fokus på kjeldesortering er stort.

- Så ønskjer vi også å påverke og oppmode andre butikkar her på Blåhuset til å tenkje miljø. Målet er å få på plass ei skikkeleg god miljøordning med tida.

Vil setje mindre miljøavtrykk

Butikkleiaren fortel at til dømes alle azaleane i butikken er miljøvenleg produsert og at julestjernene som butikken sel fram mot jul og rosene er Fair Trade-sertifiserte.

- Vi ønskjer å setje mindre avtrykk i naturen. Vi nyttar til dømes til dømes resirkulert avispapir som innpakningspapir. Vi gjer dessutan det vi kan for å nytte mindre papir i arbeidskvardagen.

- Cellofanen vi nyttar vil brytast ned med tida, det er ikkje plastikk. Alt av avfall frå butikken blir kjeldesortert. Vi har ei utfordring på senteret at vi ikkje får levere frå oss det organiske avfallet, men dette veit eg det blir jobba med, i samråd med Søre Sunnmøre Reinhaldsverk. Alt i alt prøvar vi å gjere gode, miljøvenlege val, for å gjere vårt for ei grønare framtid, seier Gotten Sydhagen avslutningsvis.

Ordførar Knut Erik Engh er glad for at butikken har stort fokus på ei grønare framtid.

- Dette er ei haldning det står stor respekt av. Det er ei ære for meg å overrekke denne plaketten, seier Engh.

Ordførar Knut Erik Engh kunne måndag overrekke det synlege provet på at blomsterkjeda Mester Grønn er Miljøfyrtårn-sertifisert til butikkleiar Camilla Gotten Sydhagen. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.