Sist veke blei det eksportert 216 tonn norsk laks direkte til Kina.
            (Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.)

Sist veke blei det eksportert 216 tonn norsk laks direkte til Kina.Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Kina set fart på lakseimporten frå Noreg

Sist veke blei det eksportert 216 tonn norsk laks direkte til Kina. Det er fem gonger meir enn dei 40 tonna i veka, som har vore nivået dei to siste åra.

(NPK-NTB): – Det er ei stor gladnyheit og ei førjulsgåve til laksenæringa. Det har vore auke i eksporten av norsk laks til Kina fem veker på rad, eksporten er no den høgste på to år. Noko har skjedd. Importørane seier det er enklare å importere norsk laks, seier Noregs fiskeriutsending i Kina, Sigmund Bjørgo i Noregs sjømatråd, til Dagens Næringsliv.

Kina innførte strenge restriksjonar på import av norsk laks etter at Nobelkomiteen tildelte fredsprisen til den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo i 2010. Nye reglar for import førte til at norsk fersk laks blei liggjande fleire veker i tollen, noko som sette ein effektiv stoppar for laksesalet til Kina.

I mai i år signerte fiskeriminister Per Sandberg (Frp) ein protokoll med kinesiske veterinærstyresmakter, der det igjen blei opna for norsk lakseimport i Kina. Det har tatt fleire månader å få sett avtalen ut i livet, men no ser det ut til at restriksjonane på import er fjerna.

– Den store nyheita er at det no går norsk laks til hovuddestinasjonane Beijing og Shanghai, og det har knapt skjedd dei siste seks åra. Det er eit veldig viktig og gledeleg skritt i normaliseringa av lakseeksport til Kina, seier Bjørgo.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre