Elektrikar og installatør Jonny Brandal og Helge Muren i Mørenett saman med både den gamle og den nye straummålaren. No har halvparten av husstandane i landet fått ein slik ny straummålar.
            (Foto: Arkiv/Ragnhild Vartdal.)

Elektrikar og installatør Jonny Brandal og Helge Muren i Mørenett saman med både den gamle og den nye straummålaren. No har halvparten av husstandane i landet fått ein slik ny straummålar.Foto: Arkiv/Ragnhild Vartdal.

Over halvparten har fått ny straummålar

Over 1,6 millionar norske husstandar har til no fått installert ny, digital straummålar.

(NPK): Det viser tal som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) la fram i Stavanger tysdag.

Nettselskapa skal installere i alt 2,9 millionar såkalla smarte straummålarar innan utgangen av 2018, og det ser dei no ut til å klare, i alle fall langt på veg.

– Stort sett alle nettselskapa opplyser no at dei vil gjennomføre utrullinga innan fristen neste år, seier seksjonssjef Guro Grøtterud i NVE.

Ifølgje ei undersøking som Kantar TNS har gjort, er nesten 80 prosent av kundane fornøgde med både informasjonen og prosessen rundt målarbytet.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre