IL Hødd får 338.922,- i momskompensasjon. Det er mest i Ulstein og Hareid. 
            (Foto: Arkiv: Per Werkland.)

IL Hødd får 338.922,- i momskompensasjon. Det er mest i Ulstein og Hareid. Foto: Arkiv: Per Werkland.

353 millionar til idrettslaga

Rekordstor utbetaling til idretten gjennom kompensasjon for vare og tenestemoms.

I desember får norsk idrett tilført over 483 millionar kroner som kompensasjon for vare og tenestemoms. 353 millionar av denne summen går til idrettslag, noko som er fem millionar meir enn i fjor, melder Norges Idrettsforbund på sine nettsider onsdag.

I Møre og Romsdal får 348 klubbar utbetalt til saman 17.437.141 kroner.

I Ulstein og Hareid er det IL Hødd som får tilbake størst beløp gjennom momskompensasjonen med 338.922 for rekneskapsåret 2016. Den største mottakaren i Møre og Romsdal er Molde Fotballklubb.

  • Dimna IL – 109.903,-
  • Hareid IL – 167.450,-
  • Hasundgot IL – 79.170,-
  • Hjørungavåg IL – 5572,-
  • Hjørungavåg Pistolklubb – 3370,-
  • IL Hødd – 338.922,-
  • Sunnmøre Golfklubb – 111.434,-
  • Ulstein og omegn sykkelklubb – 8067,-
  • Ulstein seilforening – 2829,-
Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre