Vikebladet Vestposten skreiv tidlegare i haust om søskena Bodill Skeide, Lindor Skeide, Astrid Urvik, Svenning Skeide og Viviann Skeide som ikkje ville selje heile eigedommen på 23 mål til Ulstein kommune. Dei var villige til å selje 16 mål. Men kommunen meinte at dei trong alle måla for å få til ei best mogleg bustadutbygging på Skeide. Arealplanen var vedteken. For å gjennomføre planen meinte kommunen at dei trong tomta.

I oktober vedtok kommunestyret at kommunen kan gå til oreigning for å få hand om tomta, om kommunen og grunneigarane ikkje har kome til semje innan 1. desember.

Kjende seg pressa

Søskena har no akseptert ein avtale med kommunen. Dei hadde lite lyst til at saka skulle gå til oreigning.

Dei fekk ikkje behalde bustadhuset med tun oppe i bakken, men dei får behalde industribygget på Myra (som mellom anna er brukt til turn) og skal behalde om lag halvparten av industriarealet bak bygget. Skulle dei behalde heile måtte dei betale refusjon for tekniske anlegg på 1,2 mill., no vart refusjonen redusert.