Éin person blei skadd i ei trafikkulukke ved Sulesund ferjekai torsdag.
            (Foto: Karl-Petter Løvoll/Sunnmørsposten.)

Éin person blei skadd i ei trafikkulukke ved Sulesund ferjekai torsdag.Foto: Karl-Petter Løvoll/Sunnmørsposten.

Éin person skadd i trafikkulukke ved Sulesund ferjekai:

Fekk glasbitar i ansiktet

Éin person blei sendt til sjukehus etter ulukka.

Politiet i Møre og Romsdal meldte torsdag om ei trafikkulukke rundt ein kilometer aust for Sulesund ferjekai. Éin person blei skadd som følgje av samanstøyten mellom ein personbil og ein lastebil. Vedkomande fekk glasbitar i ansiktet, fortel politiet til Sunnmørsposten.

– Personen som har fått glas i ansiktet er tatt med til sjukehuset for ein kontroll, fortel operasjonsleiar Tor-André Gram Franck til smp.no.

Årsaken til ulukka skal ifølgje politiet ha vore at personbilen kom bort i ein lastebil med brei last.

Bilen fekk store skadar på venstre side som følgje av samanstøyten.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre