Asbjørg er ei dame som likar å få jobben gjort. Litt slik var det også då ho bestemte seg for å pensjonere seg. Ein gong tidleg i september byrja ho tenkje tanken, 14 dagar seinare hadde ho bestemt seg. – Når eg bestemmer meg så gjer eg det, eg går ikkje der og tenkjer i fire år, slår ho fast.

65-åringen har tre månader oppseiingstid i Ulstein kommune, så frå 1. januar 2018 er ho pensjonist. Men ho har ein del ferie å ta ut, så ho hadde sin siste arbeidsdag fredag førre veke.

Alltid glad i å lese

Asbjørg har alltid vore glad i å lese og skrive. I oppveksten drog faren henne med på biblioteket og Aasen-tunet, så ho vart tidleg interessert i bøker og kultur.

– Tenk om faren min som var så kulturelt interessert hadde fått levd og sett kor fint biblioteket på Ulstein Arena har blitt!

Lesegleda førte henne til språklina på gymnaset i Volda, og seinare til norsk-studiar på Distriktshøgskulen i Volda. – Eg hugsar framleis den herlege kjensla av å få lov til å konsentrere meg om ein ting då eg byrja studere norsk, fortel Asbjørg med stjerner i augo.

Asbjørg var student i Volda på 70-talet. Dei var ein gjeng samfunnsengasjerte sjeler som ville påverke samfunnet til det betre. Og dette engasjementet har Asbjørg tatt med seg. Ho hadde eigenleg tenkt å studere vidare, men ting skjedde i livet hennar, og då mannen hennar fekk seg jobb som lærar i Ulstein, fekk ho seg jobb på teknisk etat på Ulstein rådhus.

Vegar og hus kjem ikkje av seg sjølv

På teknisk etat oppdaga Asbjørg at vegar og hus ikkje kjem av seg sjølv, det ligg samfunnsplanlegging bak. Kommunen må leggje planar for korleis dei vil at samfunnet skal utvikle seg. Dette syntest Asbjørg var så interessant at ho byrja å studere samfunnsplanlegging i Volda. Seinare har det blitt endå fleire studiar, mellom anna juss, coaching og leiing.

Asbjørg kom tilbake på teknisk på Ulstein rådhus ein periode, før ho var kontorsjef i fleire år på rådhuset i Ålesund. Men det var ikkje lett å få pendlarlivet til å gå opp med livet som småbarnsmor, så ho kom tilbake til Ulstein rådhus, denne gongen som personalsjef og ho fekk vere med leiargruppa til rådmannen.

Ho har arbeidd med både Asbjørn Waage, Hans Jakop Sandanger, Einar Vik Arset og no Verner Larsen som rådmann. – Eg har vore heldig og fått frie tøylar med leiarane til å styre meg.

Laga planar

Asbjørg fortel at Ulstein kommune har vore gjennom store organisatoriske endringar. Tidlegare var det ikkje vanleg å leggje andre planar enn arealplanar.

Men ho sette i gang og var med å utvikle rammeplanar og opplæringsplanar for alle etatane.

– Eg fekk lov til brøyte opp nokre nye vegar i Ulsteinsamfunnet.

Ho syntest det skjedde så mykje positivt i kommunen at dette ville ho ha ut til innbyggjarane, så folk fekk vite kva dei styrar med i kommunen. Ho fekk laga ein informasjonsbrosjyre som vart delt ut i alle postkassene. Og ho fekk laga ei profilhandbok for Ulstein kommune, der ho samarbeidde med Tegneren. Ho syntest det var viktig å ikkje vere grå, men få fram fargane i kommunen og gjere Ulstein til ein attraktiv stad, og kommunen til ein plass folk hadde lyst til å jobbe. Og det må ein vel seie at Ulstein kommune har lukkast med.

Mannsdominert

Det var ikkje berre lett å kome inn som ung kvinne på det mannsdominerte rådhuset.

– Eg har vore rådmann også, glepp det ut av Asbjørg. Ho fortel at det var eit par feriar ho vikarierte for rådmannen. Dette var på 90-talet, og Hannelore Måseide, som då var varaordførar, rykte opp til ordførar same ferie. Då kom Vikebladet Vestposten og skreiv om at det var første gongen kommunen hadde kvinneleg ordførar og rådmann. Seinare vart Måseide ordførar på «ekte». No heng ho på veggen i lag med alvorlege menn med ordførarkjede.

– Hannelore var den første som kom opp på veggen i fargar, det likte eg godt, smiler Asbjørg.

Fekk slå ned vegger

Det er ikkje berre organisasjonsstrukturen som har endra seg på rådhuset. Det har vore store endringar også innvending. Det er slutt på at dei snakkar med innbyggjarane gjennom eit hol i veggen. For nokre år sidan fekk Asbjørg gjennomslag for å slå ned ein del vegger i førsteetasjen. Og det vart oppretta sørvis- og turistkontor. Der vart bygt kontor og møtelokale, noko som gjorde det enklare for folk å stikke innom rådhuset og få den informasjonen dei trong. – Dette er noko av dei største eg har fått vere med på.

Asbjørg er glad i å reise på turar i lag med mannen sin. – Eg bur i lag med verdas flottaste fyr, slår ho fast. Foto: Privat.
Asbjørg likar godt å vere i fysisk aktivitet. Ho tar seg gjerne ein tur i kajakk, går seg ein tur over fjellet eller om vêret er for gale syklar ho ei mil på trimsykkelen sin. Foto: Privat.
Etter at Harald Notøy, mannen til Asbjørg, pensjonerte seg til jul i fjor har han blitt ein ivrig brukar av biblioteket. Asbjørg gler seg til å få meir tid til å lese bøker. Dessutan er ho aktivt med i klivrelaget og vil bli å finne som vakt i den nye klivrehallen innimellom. Ho synest Ulstein har blitt ein flott plass, og er sikker på at det gode tilbodet som er bygt opp i byen er medverkande til at også unge folk vil flytte hit og slå seg ned. Foto: Ingvild Aursøy Måseide.
Asbjørg i lufta. Foto: Privat.
Asbjørg har ei stor interesse for god mat og likar å be inn til selskap og sitje lenge rundt bordet. Foto: Ingvild Aursøy Måseide.