(NPK): I fleire butikkar får ein kjøpt brannsløkkingsapparat med to ulike effektivitetsklassar, 13A og 21A. Ein er lovpålagd å ha eit apparat med effektivitetsklasse 21A i heimen, då dette apparatet er kraftigare enn 13A. Likevel er det mange som ikkje er klar over dette, skriv NRK.

Pål Finsæther som er leiar for handsløkkaravdelinga i Ålesund brannvesen opplyser overfor statskanalen at han får inn mange apparat med effektivitetsklasse 13A.

– Eg har fått inn ein del apparat med effektivitetsklasse 13A. Det er alvorleg og det verkar å ikkje vere godt nok opplyst at apparata skal ha klasse 21A, seier han.