I alt vert soga til 48 utvalde frakteskuter frakteskuter presentert i boka. Boka, som rett og slett heiter «Frakteskuter», tek for seg skuter som har høyrt heime på Sunnmøre i kortare eller lengre tid frå slutten av 1800-talet og fram til midten av 60-talet.

«Tidlegare var det sjøen som batt i hop bygder og byar. Då hadde dei små frakteskutene ei viktig oppgåve med å frakte kol, koks, is, sand og ved i nærområdet. Dei større skutene gjekk ofte med fisk, kunstgjødsel, sement og trelast langs kysten», skriv Ottesen.

Etter den andre verdskrigen vart det fart i vegutbygginga og dette fekk konsekvensar også for frakteskutene.

«Denne utbygginga av vegnettet flytte mykje av det som dei lokale små frakteskutene tidlegare hadde frakta, over på bil. Dei små rutebåtane som kunne frakte gods i tillegg til passasjerar, vart erstatta av ferjer. Varebilar tok over transporten av møblar frå Sunnmøre til Åndalsnes», fortel Johan Ottesen.

Krevjande arbeid

Forfattaren fortel at det har bydd på visse utfordringar å følgje historia til dei minste frakteskutene.

– Dette kan vere eit vanskeleg og krevjande arbeid. Og i fall dei var registreringspliktige, tok somme eigarar ikkje det så nøye. Dermed kan ein stundom oppdage at ein båt har gått gjennom mange eigarskifte utan at eigarane har brydd seg med å registrere dette i skipsregisteret, fortel Johan Ottesen.

Nokre av frakteskutene forliste, medan andre nådde ein høg alder. Nokre vart selde til utlandet og sett i stand til flotte seglskuter, medan det vart med tanken for andre. Dette kan du lese meir om i den rikt illustrerte boka der det også er foto av alle skutene som vert omtala.