Dei 730 frammøtte i Ulstein Arena laurdag smelta saman med Oslo Gospel Choir i avslutningsnummeret «Deilig er jorden».

Den mektige avslutninga kom i enden av eit herleg løft der juleevangeliet vart framført mellom «Mitt hjerte alltid vanker m/gitarsolo» og «O helga natt».

Ei vakker, poengtert og verdig avslutning på ein konsert som varierte mellom fleire stilartar.

Konserten var den første i Ulstein Arena etter opninga 2. desember. Publikum sat både nede i hallen og på galleriet. Hallen har ein maksimal kapasitet på ca 1.200, opplyste kultursjef Leif Ringstad.

FORSEINKA TIL ULSTEINVIK

Koret vart forseinka undervegs frå Lofoten til Ulsteinvik. Det hadde hatt tre flyturar, den siste skulle eigentleg ha gått til Ørsta/Volda Lufthamn, i staden bar det til Ålesund og med snøggbåt derifrå til Hareid.

Publikum fekk sleppe inn i salen klokka 20 – då konserten eigentleg skulle starte – og fekk vere med på koret si lydprøve.

Konserten kunne dermed starte berre 20 minutt forseinka. Ein kunne nok merke på dei tre-fire første numra at lyden ikkje var heilt på plass. Det gjekk særleg ut over dei lyse kvinnestemmene, som fekk ei slags "metallisk" overstyring.

Men deretter kom ting på plass – og det gjekk slag i slag utetter. Blant anna fekk publikum høve til å synge med i refrenget på ein heilt ny julesong; «Himlen har kommet ned til vår jord», som vi mistenker er skriven av korleiar og dirigent Tore Aas. Eit vakkert innslag.

Seinare vart det full gospel, bitar frå Händels «Messias», amerikanske julesvisker, jamvel eit artig lite stand up-show på totendialekt – før den flotte avslutninga.

* Meir i papiravisa tysdag.