Det har vore interessant å følgje debatten rundt det planlagde Pride-arrangementet i Volda/Ørsta til våren. Diskusjonen har gått høglydt i dei to kommunane, med mellom andre ein pastor, ein statsråd, ein Frelsesarmésoldat og fleire prestar involvert.

Her på Hareidlandet har det vore stille. Heilt til denne veka: då stod Trond Røyset Gustavsen frå Hareid ope fram som bifil. Først i eit lesarinnlegg i avisa Møre i Volda, før han i eit intervju med Vikebladet Vestposten utdjupa på følgjande måte: “Eg veit at eg ikkje er åleine innanfor kristne miljø. Dette gjeld menneske som gong etter gong har vorte dømde frå talarstolen, som har fått høyre at dei er på veg til helvete.”

Dette er modig gjort av 46-åringen frå Røyset. Han grudde seg til reaksjonane som ville kome, men det vankar mange gode, oppmuntrande ord på eit ope innlegg på facebooksida hans.

I eit lesarinnlegg i dagens avis skriv Andreas Hesselberg at innlegget til Gustavsen har inspirert han til å lansere emneknaggen #FåDetUt i sosiale media. Han vil ha ei rørsle som ikkje lenger tillèt tabu.

Pride-festivalar for homofile, lesbiske, bifile og transpersonar vert arrangert verda over, men først neste år skjer det altså på Søre Sunnmøre. «Eg skal gå i Pridetoget i Volda og glede meg over at verda heldigvis går vidare og utviklar seg», sa Trond Røyset Gustavsen til Vikebladet Vestposten denne veka. Han er nok ikkje åleine, det kjem til å verte stor oppslutning om Prideparaden i Volda i mai.

Men går verda vidare på Hareidlandet også? Er det kanskje på tide med ein Pride-parade også i Ulstein og Hareid?