Me er på tampen av det store Luther-året. Den 31. oktober var det 500 år sidan Martin Luther i fylgje legenda hengde opp 95 tesar på døra til slottskyrkja i Wittenberg, tesar som stilte spørsmål ved sentrale deler av Pavekyrkja sin frelsesteologi.

Rundinga av dei fem hundre åra vert omtalt som eit jubileum. Men er Reformasjonen noko å feire? Ei omvelting som kosta 15 millionar menneske livet gjennom 100 år med krig, massakrar, hungersnaud og epidemiar?

Det me førebels kan slå fast, er at Reformasjonen, på tvers av Luther sin vilje og intensjon, løyste ut sekulære krefter som førte til djuptgripande og varige endringar i vår kulturkrins, endringar me i dag ser på som positive.

Men vinsten i frigjering og framgang kan fyrst mælast når kostnadene i menneskeleg liding i tiåra etter 1517 er trekte frå. Det er eit vanskeleg reknestykke, sjølv for oss som meiner å vite fasiten 500 år etterpå.

Ein veg til vantru

I min barndoms skulestove på Bjørke var der 3 bilete. To av dei var bileta som hang i alle skulestover etter krigen: Kong Haakon og kronprins Olav under kongebjørka i Molde og Milorg-leiaren Terje Rollem som tek over Akershus festning frå den tyske okkupasjonsmakta.

Det tredje biletet var av Martin Luther. Det var ei ovstort portrett på minst ein kvadratmeter, slik eg hugsar det. Det var ikkje rom for tvil i mitt barnesinn, Luther var vesentleg større enn Jesus. Han stod jamvel over Klokkar-Karl, læraren.

Elles skjøna eg tidleg at kristendomsfaget var det viktigaste faget i skulen. Skulle ein ha noko von om å kome til himmelen på Dommedag, så måtte ein ha toppkarakter i dette faget.

Difor kunne eg alt på rams alltid, og seksti år etterpå kan eg framleis det meste utanboks. Utan samanlikning elles, så var dette litt av same kvalifiseringa til æveleg sæle som Luther sleit med som munk.

Sjølv etter 500 år med reformasjon hadde ikkje Nåden fått gjennomslag på Bjørke skule, men denne fryktbaserte indoktrineringa gjorde at eg som vaksen kunne ta eit lukkeleg avskil med all religion.

Frå ein fiksjon til ein annan

Det er ikkje plass her til å drøfte skilnaden mellom Luther og Pavekyrkja sin teologi i detalj, men me kan kort slå fast at munken Luther tvila seg fram til at dei kristne dogma måtte byggje på Bibelen åleine, Sola Scriptura, i motsetnad til dogme funne opp av Pavekyrkja, slik som til dømes skirselden.

Rett nok er Bibelen like mykje fiksjon som pavedogma, men Luther sine opprørske idear hadde enorm sprengkraft i samtida: Det einskilde mennesket treng ingen meklar/kyrkje mellom seg og Gud. Kvar døypt mann kan sjølv vere prest, hevda Luther.

Dei direkte, religiøse resultata av Reformasjonen var altså at eitt sett med fiktive dogme, vart erstatta av eit anna sett like fiktive dogme, men det kosta mange tiår med religionskrig og ufattelege menneskelege lidingar.

Ei sekulær vårløysing

Det er dei indirekte fylgjene av Reformasjonen som gjorde at historia tok seg eit nytt far. Reformasjonen, saman med trykkekunsten, løyste ut ein ustyrleg vårflaum av sekulære idear og verdiar som munna ut i opplysingstida. Ja, jamvel nasjonalstaten og folkestyret er på sett og vis fylgjer av Reformasjonen.

I vårt opplyste og demokratiske samfunn kan ein kome til å tru at Reformasjonen var eit folkeleg opprør mot Pavekyrkja. Langt i frå, på 1500-talet var ålmugen analfabetar og liveigne. Det var fyrst og fremst fyrstane som ut frå eigne økonomiske og maktpolitiske interesser i høve Pavekyrkja, greip Luther si lære om frelse gjennom tru og nåde, ikkje levesett.

Men skulle den einskilde byggje trua si på Skrifta åleine, slik Luther forkynte, så måtte ein faktisk kunne lese Skrifta. Bibelen på Luther si tid fanst berre i latinsk omsetjing, og berre eliten var latinkunnige.

I sin misjonsiver skjøna Luther at her måtte noko gjerast. Inn under jul i 1521, medan han gøymde seg på borga Wartburg, sette Luther seg føre å omsetje det nye testamentet til tysk frå den greske grunnteksta.

Det fanst ikkje noko eins tysk skriftspråk på Luther si tid. Det fanst ei mengde dialektar, og i fall noko vart skrive på tysk, så var der ingen reglar for ortografi og grammatikk.

Martin Luther sitt storverk

Og her er me ved det eigentlege storverket til Martin Luther, eit storverk som er større enn Reformasjonen sjølv, slik eg ser det. I løpet av ti veker (!) omsette Luther heile det nye testamentet frå gresk til eit tysk skriftspråk han sjølv måtte skape ut frå talemålet midt i Tyskland. Det er eit storverk som ikkje er til å fatte.

Arbeidet som vart gjort nokre vinterveker i 1521-22 er på mange måtar rota til alt som hende i Europa etterpå. Luther si omsetjing av det nye testamentet til folkemålet, var ei av dei dei viktigaste årsakene til det moderne gjennombrotet.

Skulle ein lese seg til tru og frelse, så måtte ein også lære å lese. Pliktig skulegong for borna vart fylgjeleg naudsynt.

Ålmenn lese- og skrivekunne var ei enorm utvikling av produktivkreftene, for også verdsleg kunnskap kunne no spreiast gjennom det trykte ordet. Det vart ei overmåte rask utvikling av økonomien i dei protestantiske landa, som Tyskland, Stor-Britannia og Nederlanda.

Også ideen om nasjonalstaten oppstod frå dette. Det var logisk at alle som snakka, skreiv og las same språket måtte samle seg under eitt styre. Og med nasjonalstaten vaks tanken om folkestyret fram.

Reformasjonen – verd å feire?

Så er Reformasjonen verd å feire? Om der er ein positiv vinst av at eitt sett med overtru vart avløyst av eit anna sett med overtru – etter mange tiår med religionskrig og botnlaus liding for «desse mine minste», får vere opp til dei luthersk-evangelisk truande å vurdere.

Men at Martin Luther i si tid var ein av dei viktige bidragsytarane til å setje tanken fri hjå einskildmennesket, det kan me feire.

Gjennom dei nasjonale skriftspråka og trykkekunsten fekk den frie tanken ein reiskap til å spreie seg gjennom tid og rom og langs mange aksar.

Slik eg ser det, er dette den mest verdfulle arven etter Martin Luther og Reformasjonen. Den er opplagt verd eit jubileum. Luther sin tese om «Sola Scriptura», fekk fylgjer som Luther sjølv gjorde sitt ytste for å bremse – men til fånyttes.