Lars Erling Bjåstad Hovlid har laga eit notat til rådmann og kommunestyret i Ulstein. Der skriv han at IMDi har bede Ulstein kommune omå busetje ti flyktningar i 2018. Talet er lågare enn tidlegare år, noko som heng saman med at færre flyktningar kjem til Noreg.

Vedtak om langt fleire

På kommunestyremøtet i desember 2016 vedtok Ulstein kommunestyre at dei i perioden 2016 til 2019 skulle ta imot totalt 104 personar.

Dei ville busetje 32 flyktningar i 2016, 38 i 2017 og 34 totalt i 2018/2019.

Kommunestyret vedtok samtidig at administrasjonen fekk fullmakt til å omdisponere plassane for kvart år i samråd med IMDi. Det vart også vedteke at familiesameining kjem i tillegg.

Busetting av flyktningar i Ulstein vil skje i samsvar med dette vedtaket.

Mindre i støtte

For 2017 vart det, etter anmodning frå IMDi, vedteke å busetje 23 flyktningar i Ulstein. Førebels har kommunen busett 21 personar i år. Men Hovlid skriv at det er fleire busettingssaker på gang, så kommunen kan kome opp i over 23 i år. I sa fall vil ein då redusere tilsvarande på talet for 2018.

I 2017 er det også busett fire personar gjennom familiesameining.

Han skriv vidare at sidan kommunen tok imot ein god del flyktningar i 2016, 2016 og 2017 er det no mange deltakarar på introduksjonsprogrammet i kommunen. Lågare busetting i 2018 vil føre til at det blir færre deltakarar på introduksjonsprogrammet på slutten av neste år.

Målet for introduksjonsprogrammet er å kvalifisere deltakarane for utdaning og arbeid, difor er det viktig at programmet er målretta og held høg kvalitet.

Kommunen får støtte for flyktningar som blir busette i kommunen, over fem år. Det er mest utbetalt i støtte for dei to første åra. Færre busette flyktningar fører til færre kroner i støtte.

Reduksjonen i talet på flyktningar i 2018 vil føre til 2,6 millionar mindre utbetalt i støtte, om ein samanliknar med 2017. Sparte kostnader er estimert til 1,4 millionar kroner.

- Reduksjonen i antal busette utgjer difor netto redusert inntekt på ca kr 1,2 mill for 2018, skriv Lars Erling Bjåstad Hovlid.

Integreringsstøtta er den same, uansett når på året ein busett flyktningen. Såleis vil Ulstein kommuen no tene på å busette flyktningar seint på året. Kostnadene knytt til personar som blir busette seint på året vil kome i dei to påfølgande åra, noko som tyder på at ein i 2019 vil få ei motsvarande negativ effekt i rekneskapen, varslar Hovlid.