Eide har følgt byggeprosessen tett, og resultatet er eit solid bevis på at Ulstein verkeleg har fått ei ny storstove i sentrum.

- Det har vore veldig fascinerande for meg å følgje bygginga. Dette er verkeleg eit flott og tenleg bygg for Ulstein-samfunnet, og regionen kring, seier Per Eide til Vikebladet Vestposten.

Den erfarne fotografen fekk førespurnaden om å følgje arbeidet alt ei godt stund før fyrste spadetak var tatt for to år sidan, og har filma alt i frå fyrste sprengsalven gjekk av til bygget no står ferdig.

- No har eg gjort slike prosjekt før, då eg også også har følgt fiskebåten Eros gjennom to år, og der også blei ein video resultatet av det arbeidet. Men, det var veldig spesielt og spennande å følgje Ulstein Arena fram til etter opninga no i desember, seier Per Eide til slutt.

Biletet på forsida er ein skjermdump frå filmen. Filmen er publisert på Vikebladet.no med løyve gitt av filmskapar Per Eide.

Foto er ved Per Eide og Per Eide Studio AS og redigering ved Torbjørn Håskjold i produksjonsselskapet HelloNeo.