– Vi ønskte at bygget skulle ha både karakter og personlegdom, sa arkitekt Georg Grimstad i sin helsingstale, då den nye dagsenteret USAS vart opna onsdag 13. desember.

Og eit personleg preg har det fått. Heile fasaden kan sjåast som eit stort, hyggeleg andlet.

Fullt hus

Opninga vart feira med stort frammøte i bygget si grunnetasje. Her var helsingar frå både ordførar og rådmann og takk til alle partar som har vore engasjert i å få realisere det nye dagsenteret.

Det var Bjørn Johansen, ein av dei som nyttar dagsenteret, som fekk æra av å klippe den raude snora. Det gjorde han, til stor applaus. Johansen hadde tidlegare på dag sytt for å heise flagga i dei to flaggstengene som høyrer til nybygget.

I tillegg til allsong sytte gruppa Fjøresteinane for flott musikk.

– Merkesteinane i Volda er førebilda våre, og sidan vi held til ut mot havet, så vart namnet vårt Fjøresteinane, sa Stig Grimstad.

Trivsel

Dette huset vil gi brukarane mange nye moglegheiter, sa Marit Botnen, kommunalsjef helse og omsorg. Ho såg bygget som eit symbol på dei endringane som har skjedd, ikkje minst når det gjeld tankegangen rundt tilboda til menneske med særlege opplærings- og omsorgsbehov

Holsekerdalen 24 er bygd i tilknyting til fleire omsorgsbygg, og ein av naboane til dagsenteret, Nils Johan Husøy, kunne varte opp med to julesongar. «Det lyser i stille grender» av Jakob Sande og «Stjernesludd» av Dumdumboys.

Soneleiar Gunn Hofseth nytta høvet til å takke for at kommunen ser verdien av musikktilbodet dei har gjennom Ingrid Nerhoel. Kvar onsdag reiser ho rundt både til bustadane i Holsekerdalen og på Alvehaugen for å synge og musisere saman med dei som bur der.

I skuggen av Arena Ulstein

Dagsenteret har halde til i Petterbakken, nedanfor Ulstein ungdomsskule. Dei siste åra har senteret vore drive på dispensasjon, grunna den stadig dårlegare tilstanden bygningane har vore i.

– Dei gongane eg har gjesta dei tidlegare lokala til dagsenteret har eg tenkt at desse bygga har sett sine beste år. Difor er det svært kjekt å få kome hit, sa ordførar Knut Erik Engh.

Han la ikkje skjul på at bygginga av det nye dagsenteret ikkje fått så mykje merksemd den siste tida.

– Naturleg nok, ettersom vi har vore opptekne med eit anna stort bygg i Ulstein. Det nye dagsenteret er likevel eit veldig viktig byggeprosjekt, sa ordførar Knut Erik Engh som overrekte eit fargesprakande måleri av den lokale kunstnaren Ann Lisbeth Flem i gåve.

Konstituert rådmann Verner Larsen overrekte også ei helsing:

– Ei av dei første oppgåvene mine då eg tok til i kommunen i 1990, var saman med ordførar Ottar Kaldhol å overta Ulstein Dagheim og internat frå fylkeskommunen. Dei som har arbeidd her veit at det har vore ein lang veg med ein del svingar å få på plass nytt dagsenter. Men eg vonar resultatet har vore verdt å vente på, sa Larsen.

Helsar velkomen

Det er arkitektkontoret Bucci som har teikna det nye bygget. Prosjekteringa har skjedd i nært samarbeid mellom arkitektane og dei som skal nytte seg av dei nye lokala.

– Bygget har fått ei prominente plassering der det helsar folk på veg inn i meir urbane strok velkomne, framheva arkitekt Georg Grimstad.

Han fortalde at dei ville unngå institusjonspreget.

– Vi har lagt vekt på at det skal vere solid, men samstundes fargerikt og festleg, fortalde han.

Medan dei tidlegare lokala til dagsenteret kunne oppfattast som både dystre og mørke, delvis nedgravne i bakken som dei var, har lyset sluppe inn i det nye dagsenteret.

Kommunalsjef Marit Botnen overrekte blomar til ein del av aktørane som har sytt for at det nye dagsenteret no kan takast i bruk.