Inge Eidem blir lukkeleg då Vikebladet Vestposten ringjer han og les opp vedtaket frå Fylkesmannen. – Halleluja, utbryt han og blir hoppande glad.

– Det står at du skal drive med ammeku, sau og grønsaker, stemmer det?

– Ja, det er korrekt! Og mykje meir. Eg har mange planar. Det skal bli eit mønsterbruk, kommenterer han.

Lang prosess

I 2016 søkte Inge Eidem om konsesjon til å ta over gardsdrifta på ein gard på Flø. Han hadde avtale om å kjøpe garden for 4,5 millionar pluss omkostningar.

Den 1. desember 2016 vedtok teknisk utval å gje han konsesjon, sjølv om tilrådinga frå administrasjonen var negativ.

Gardbrukar Håvard Roppen klage på vedtaket, med grunngjeving i at han sjølv treng delar av jorda som tilleggsjord for å drive sitt gardsbruk.

Teknisk vedtak meinte Roppen ikkje hadde klagerett, men Roppen fekk medhald med Fylkesmannen i at han hadde klagerett, så saka måtte på ny opp i teknisk utval.

I møte i oktober i år vedtok teknisk utval å stå på vedtaket sitt om at Eidem skal få konsesjon, noko Roppen klaga på, så saka gjekk vidare til Fylkesmannen.

Til rett pris

Fylkesmannen skriv at ved avgjersle av søknad om erverv av eigedom som skal nyttast til landbruksføremål, skal det etter konsesjonslova leggjast særleg vekt på om den avtalte prisen kan tilgodesjå ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling, om ervervar sitt føremål vil vareta omsynet til busetting i området, om ervervet inneber ei driftsmessig god løysing, om ervervar er skikka til å drive eigedomen og om ervervet varetek omsynet til heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapet.

Fylkesmannen er samd med kommunen i at prisen ligg innanfor kva som er samfunnsmessig forsvarleg pris. Dei legg til grunn at Eidem er skikka til å drive eigedomen og at han skal bu der. Dei meiner ervervet utgjer ei driftsmessig god løysing.

– Om ein nabo med interesse for tilleggsjord skal grunngje eit konsesjonsavslag må han for det første ønskje å overta heile konsesjonseigedomen som tilleggsjord. For det andre må han overta eigedomen til den prisen seljar og kjøpar har avtalt, skriv Fylkesmannen.