Ulstein kommunestyre skal ha møte i kveld og gjere endeleg vedtak for budsjettet for neste år.

No har Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkepart greidd å snikre i hop eit felles framlegg til budsjett for Ulstein kommune. Partia har til saman 16 av 25 representantar i kommunestyret. Så om alle røyster i tråd med framlegg frå partiet sitt, har dei fleirtal i budsjett-saka

I motsetnad til Venstre legg dei inn i sitt framlegg at Ulstein kommune skal ha eigedomsskatt frå neste år. Men på same vis som Venstre vil også fleirtalskoalisjonen setje i gang ein innsparingsprosess. Dei ber rådmannen setje i gang ein prosess med å konkretisere innsparingsmåla som kommunestyret fastset på møtet i kveld. Dei presiserer at dei tillitsvalde må involverast slik at dei tilsette får medverknad i arbeidet.

I budsjettet reverserer dei også alle innsparingsforslaga i rådmannen sitt framlegg, og pålegg rådmannen å spare inn 5,5 millionar kroner.

Grov skisse i februar

Dei ønskjer at rådmannen kjem med ei grov skisse for innsparingar på formannskapsmøtet i februar, der innsparingane er fordelt på dei ulike ansvarsområda, gjerne med konkrete innsparingsfrmalegg. Sakal skal vidare til hovudutvala som skal gjere sine prioriteringar for formannskapet gir si innstilling til kommunestyret i mars.

Fram til innsparingane er vedtekne skal rådmannen handheve strengt tilsetting-, vikar- og innkjøpsstopp.

Vidare ber dei om at rådmannen legg fram ei sak om retningsliner for investeringsprosjekt.

Barneskule og brannstasjon

Både fellesframlegget frå Ap, Frp, Krf og Sp og framlegget til V legg opp til at Ulstein kommune byrjar på utbygging av Ulsteinvik barneskule i 2019.

Ny brannstasjon budsjetterer fleirtalskoalisjonen med frå 2020.

I båe framlegga ligg det inne demenskontakt i 20%-stilling, det ligg ikkje inne i rådmannen/formannskapet sitt framlegg.

Nye tiltak

Ap, Frp, Krf og Sp har fått med pengar til park/uteområde Bjørndalvegen 2, investeringsmidlar omstilling og gangveg frå Hasund skule til Kleven (restfinansieringa). Desse tiltaka er ikkje med i framlegget frå rådmannen.

Framstegspartiet og Arbeidarpartiet har også ein del felles verbalforslag til budsjettet:

1. Ulstein kommunestyre ber rådmannen om å legge fram ei sak der ein fastset handlingsreglar for betre økonomistyring. Døme på handlingsreglar er krav til eigenkapital ved investeringar, maksimal gjeldsgrad, krav til nedbetalingstid som samsvarar med levetida til investeringar, krav til størrelse på fond, resultatmål, o.s.b. Slik sak skal ligge føre i løpet av første kvartal.

2. Ulstein kommunestyre ber rådmannen om å utgreie saman med dei andre kommunane i 7- stjerna om det finnes fleire tenester vi kan samarbeide om for å skape større fagmiljø og hente økonomiske gevinstar. Døme på slike tenester kan vere landbruksforvaltning, sentralbord, arealplanlegging, kart og oppmåling, byggesak, drift av grøntanlegg, drift av VAR områda o.s.b.

3. Ulstein kommunestyre er positiv til å halde fram arbeidet med kommunereforma under føresetnad av at staten vidarefører omstillingsmidlane som låg til grunn før valet.

4. Ulstein kommunestyre legg til grunn at investeringar i digitaliserte løysingar skal gi ei monaleg høgare innsparing enn investeringa kostar. Dei investeringane som gir best kost/nytte verdi skal prioriterast først.

5. Ulstein kommunestyre legg til grunn at tilbodet om symjeundervisning ved Ulstein Arena skal vere likeverdig for krinsskulane og sentrumsskulane.