Saknar du badebuksa di? Brillene dine? Eller kanskje til og med frakken din?

Då kan det godt vere at du har lagt det att i samband med at du tok deg ein dukkert på Ulsteinbadet.

Driftsleiar Hans Kristian Velsvik og Grethe Siglevik fortel at folk legg att det mest utrulege, og det er ingen som etterlyser noko som helst. Etter Ulstein Arena har hatt ope i berre 12 dagar har det alt byrja å hope seg opp med attgløymde saker. Symjeopplæringa for skulane startar over nyttår, så då veks nok haugane i endå større tempo.

-Tenk alt som vil samle seg opp på eit år! Om ikkje folk hentar tinga sine må me til å byggje på, spøker Siglevik. Det er mest utstyr etter born og ungdomar som ligg att, så ho undrar seg over om det ikkje er foreldre som saknar noko.

Ho har vaska store mengder med handdukar, tørka og lagt saman. I tillegg til badeutstyr ligg det i resepsjonen eit par briller, ein øyredobb og ein herrefrakk. Om nokon saknar noko er det berre å ta kontakt i resepsjonen.