Eit fellesframlegg frå Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet til budsjett og økonomiplan for 2018-2018 vart vedteke mot ni røyster i Ulstein kommunestyre torsdag.

Der vart det også lagt inn eigedomsskatt.

Og sidan eigedomsskatten var lagt inn i fleirtalsbudsjettet var det i utgangspunktet meir som ein formalitet då kommunestyret i neste sak røysta over om det skulle innførast eigedomsskatt eller ikkje.

Høgre, Venstre og Jon-Åge Eidem frå Frp stemte mot innføringa av eigedomsskatten. Den vart vedteke med 16 mot ni røyster.

Dette er vedtaket frå Ulstein kommunestyre:

1. Ulstein kommunestyre vedtek å innføre eigedomsskatt i Ulstein kommune.

2. Med heimel i lov om eigedomsskatt §§ 2 og 3 bokstav g) skal slikt utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2018:

Faste eigedomar i heile kommunen, unnateke verk og bruk og annan næringseigedom.

Etter dette vil følgjande eigedomar vere omfatta av skatteplikt: Alle bustadeigedomar og fritidseigedomar (her under våningshus, garasjar og naust) og ubygd grunneigedom (ikkje tomter regulert til næring).

3. Med heimel i eigedomsskattelova § 7 a kan «eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten» søke kommunestyret om å få fritak for eigedomsskatt. Søknadsfrist vert sett til 15. februar 2018.

Med heimel i eigedomsskattelova § 7 b kan «Bygning som har historisk verde» søke kommunestyret om å få fritak for eigedomsskatt. Søknadsfrist vert sett til 15. februar

4. Det skal ikkje nyttast botnfrådrag.

5. Ulstein kommune skal nytte siste tilgjengelege tal frå Skattedirektoratet sitt register for «Formuegrunnlag for likning av bustader i Ulstein kommune» som grunnlag for eigedomsskatten.

For 2018 vert skattesatsen sett til 2 promille av eigedomsskattegrunnlaget.

Eigedomsskatten forfell til betaling over to terminar.

6. Kommunestyret ber valnemda legge fram forslag om medlemmer til takstnemnd etter eigedomsskattelova § 8 A-3 (2) og klagenemnd etter eigedomsskattelova § 20 til neste møte i kommunestyret.

Les meir om budsjetthandsaminga og kommunestyremøtet på Vikebladet.no fredag og i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.