Saman med Henrik Breimyr skal den snart femti år gamle barneskulelæraren frå Larsnes vere hovudtrenar for laget neste sesong. Dei to tek over laget etter at Ole Per Kragset ikkje fekk fornya tillit etter årets sesong. Laget var i år nær ved å rykke opp til andre divisjon.

I tillegg blir Geir Sundal med i trenarteamet. Kalle Strandabø blir også med vidare i arbeidet med damefotballen og Kirsten Nordmo blir med vidare som lagleiar.

- Det betyr at vi får eit team med mykje erfaring og kompetanse, skriv IL Hødd Fotball  i ei pressemelding.

- Mange gode spelarar

Torbjørn Rekdal seier til Vikebladet Vestposten at han ser fram til å trene laget.

- Der er mange gode spelarar på laget, og målet mitt er å utvikle enkeltspelarar. Då vil til dømes opprykk kome som ein naturleg følgje, seier Rekdal.

Han meiner også det er viktig å prioritere jente- og damefotballen i Hødd endå meir.

Også pappa

Dottera til Rekdal, Hanna, spelar på Hødd sitt damelag. Det er ingen problem, ifølgje Rekdal:

- Det skal ikkje vere utfordrande for henne at eg er trenar, ho skal få akkurat same behandling som dei andre spelarane. Pappa er eg utanom treningar og kampar, seier Rekdal.

Dei siste åtte åra han vore trenar for 13-åringane i Team Søre, eit lag som har spelarar frå heile Søre Sunnmøre.