- Fjord1 har gjennom mange år vore ein medviten nynorskbrukar, sa leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, under utdelinga.

Fjord1 er det største ferjeselskapet i landet, og Aasbrenn la vakt på at dei reisande kan merke nynorsbruken i små detaljar som billettar, nettsider og meldingar frå selskapet.

– I ein bransje der bokmålet dominerer, veit vi at det perfekte ikkje alltid er oppnåeleg, men Fjord1 viser det vi vil kalle vilje til språk, sa han.

Juryen som avgjorde kven som skulle få næringslivsprisen hadde desse medlemmane: Arne Hjeltnes, Magne Aasbrenn, Mariann Njøsen, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland.

Under utdelinga la Arne Hjeltnes vekt på at det er utruleg viktig å lese nynorsk på veg til jobb og skule.

– Samstundes er Fjord1 i ei eiga klasse. Føretaket er no blitt børsnotert, og det syner at nynorsk ikkje berre høyrer heime i lokale verksemder, sa Hjeltnes.

For to år sidan fekk Kleven Maritime Nynorsk næringslivspris frå mållaget.

Overraska

Det var Cicilie Færestrand og Hilde Anita Røyrvik frå Fjord1 som tok mot prisen.

- Vi vart veldig overraska over prisen, og sjølvsagt veldig glade. Nynorsk er språket vårt, det står i styringsdokumenta våre. Diplomet skal opp på veggen i styrerommet, som ei påminning om dette, sa Cicilie Færestrand. Ho er HR-leiar i Fjord1.

Ifølgje Noregs Mållag har juryen lagt vekt på at Fjord1 er ein bransje der det ikkje er vanleg med god bruk av nynorsk.

Leiar Mange Aasbrenn meiner selskapet bør vere spesielt stolt over konseptet «Ferdamat».

– Vi vonar Fjord1 vil halde fram å vere eit godt føredøme for andre større aktørar i næringslivet når det gjeld å bruke nynorsk, sa Magne Aasbrenn.

Niande i rekka

Noregs Mållag har delt ut nynorsk næringslivspris sidan 2006 og årets prisvinnar er den niande i rekkja som får denne heideren.

Dei tidlegare prisvinnarane er Lerum AS, Hotel Alexandra, Kari Traa, Ægir Bryggeri, Skogstad Sport AS, Kleven Maritime AS, Gudbrandsdalsmat og Dyrsku´n Arrangement AS.