Osnes har dei siste åra vore tilsett i det som utgjer ei 50 prosentstilling, der hovudfokuset har vore på A-laget, men også med opplegg for andre keeperar i klubben. Argumentasjonen til klubben var at det etter nedrykket frå OBOS-ligaen i 2016 vart tøffare økonomiske tider for klubben, og at ein ikkje lenger kunne prioritere ei stilling av den storleiken.

– Fyrst og fremst er dette ei trist sak. Både for meg sjølv, for familien min men også for Hødd, vil eg seie. Det blir sjølvsagt ein ny situasjon for familien, med ein pappa som blir meir til stades, men det kom nok overraskande på dei også, seier Ronny Osnes til Vikebladet Vestposten.

– Utan å utdjupe det spesielt mykje meir meiner eg klubben kunne handtert dette betre.

Osnes fortel at han fekk tydelege signal frå fleire i klubben at han var ønska, men at det til slutt ikkje gjekk slik han hadde håpa.

– Både Sindre (Eid), André (Nevstad) og Oddmund (Otterlei) har signalisert at dei ønskte å ha meg med vidare. Dei møta vi har hatt saman har vore fine og skikkelege. Men så har styret gjort eit vedtak. Slik blei det. Men, eg skulle gjerne visst meir om desse tinga på ein meir konkret måte tidlegare.

Landslagstrenar

Ronny Osnes har i sine tjue år i Hødd vore med på å trene fram nokre av dei største stjernene i norsk fotball. Landslagsmålvakt Ørjan Håskjold Nyland og tidlegare landslagsmålvakt og noverande styremedlem i klubben, Erika Skarbø, har begge gått i skule med Osnes-

– Eg har gode resultat å vise til, og den kompetansen og erfaringa eg har tatt med meg tilbake frå landslagsmiljøet, har også vore ein styrke for Hødd. Det blei som det blei no, så veit ein aldri kva framtida bringar, seier Osnes.

Han ønskjer samstundes å poengtere at klubben kom med eit tilbod, men at det ikkje var godt nok.

– Klubben kom med eit spørsmål om eg kunne vere interessert i ei mindre stilling. Ein ting er det økonomiske ved det. Men det som gjer det vanskelegast å vurdere ei mindre stilling er det fotballfaglege. Det hadde gitt meg mindre tid med keeperane, trenarteamet og resten av spelargruppa. Det føregår mykje meir i ein fotballklubb utover det som skjer på treningsfeltet. Det hadde blitt eit dårlegare produkt, og det kan eg ikkje stå inne for, seier Ronny Osnes til slutt.