Det var i sommar at Hareid-ordførar Anders Riise (H) og Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) signerte på avtalen som sa at dei to kommunane skal slå saman brannverna sine frå 1. januar 2018. I avtalen står det at Ulstein er vertskapskommune for samarbeidet. Det skal framleis vere ein brannstasjon i kvar kommune, men administrasjonen blir lagt til Ulstein.

Mangelfull informasjon

Men saka var ikkje heilt over der. I slutten av november sende HTV Delta Hareid, som er del av Delta, ein partipolitisk uavhengig arbeidstakarorganisasjon, eit brev til Hareid kommune. I brevet skreiv Margrethe Longva i HTV Delta Hareid at organisasjonen hadde blitt kontakta av fleire av sine medlemmar som er tilsett i Hareid Brannvesen med spørsmål kring samanslåinga av Hareid og Ulstein sine brannvesen.

– Det blir uttrykt bekymring over svært mangelfull informasjon og involvering i prosessen. På bakgrunn av dette oppstår det gjerne rykte og uro i organisasjonen, noko som er svært uheldig i forhold til endringar i arbeidsforholdet til den enkelte, skriv Longva.

Ho viser vidare til Arbeidsmiljølova kapittel 16, som beskriv arbeidstakarar sine rettigheiter ved ei verksemdoverdraging.

– Vi vil spesielt framheve at tidlegare og ny arbeidsgjevar pliktar å gje informasjon «så tidleg som mogleg». I dette ligg både informasjons- og drøftingsplikta både ovanfor tillitsvalde og arbeidstakarar som skal overhaldast.

Longva skriv vidare i brevet at Delta ber om ei utgreiing frå arbeidsgjevar så snart som mogleg om gangen i saka, dei faktiske forholda i ho og framdriftsplanen.

– Slik sikrar ein at det blir ein god prosess i høve lov og avtaleverk, skriv ho til slutt.

Partane møttest – og skal møtast igjen

Kort tid etter at brevet hamna hos kommunen blei det sett opp eit møte der brannsjefane og administrasjonen i begge kommunane møtte dei tillitsvalde

– Det vart halde fellesmøte med dei tillitsvalde både i Ulstein og Hareid tysdag 12. desember på Hareid. Der var det gjeve informasjon og orientert om status og framdrift i saka. No er det også bestemt at det vert eit eige informasjonsmøte med dei tilsette i Hareid brannvesen måndag, seier Arne Runar Vik, konstituert assisterande rådmann og brannsjef i Ulstein kommune.

Olav Helt Brubakk, noverande brannsjef i Hareid, og komande ny brannsjef for det felles brannvernet, har også ein kommentar til brevet.

– Det er som regel alltid slik at det blir for lite informasjon i slike typar prosessar. Ein kjenner ikkje framtida. Dette blir nytt for oss alle. Vi skal no ha møte på måndag med alle mannskapa der dei får den informasjonen som er å gje på noverande tidspunkt. Så vil eg understreke at vi naturlegvis tek denne bekymringsmeldinga på alvor, seier Brubakk.

– Avgjerande med involvering

Varaordførar i Hareid kommune og Folkelista-politikar Kristian Fuglseth meiner det ikkje burde vore naudsynt med ei slik bekymringsmelding, då informasjon og rett til involvering i prosessen burde vore gitt for lengst.

– Brannvernet må organiserast på ein måte som er så god som mogleg. Det er jo dei tilsette i brannvernet som veit korleis den beste organiseringa er. Kvifor blei det ikkje sett i stand eit orienteringsmøte umiddelbart etter vedtaket? seier Fuglseth og legg til:

– Dette burde vore det fyrste som skjedde. Mange av ideane ved eit samanslått brannvern kom frå mannskapa sjølve, då mannskapa i lengre tid har sett behovet for denne samordninga. Då hadde det vore absolutt best å kome i gang med informasjonsutveksling tidleg nok. No får vi håpe at naudsynt informasjon blir gitt, slik at brannverna er klare for det som skal skje, seier han.

Brannstasjonen på Hareid: Som følgje av samanslåinga av brannverna i Hareid og Ulstein er avtalen at begge kommunane framleis skal ha eigen brannstasjon. Administrasjonen blir lagt til Ulsteinvik. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll
Arne Runar Vik, assisterande rådmann og brannsjef i Ulstein kommune, fortel at det no blir gitt naudsynt informasjon til dei som treng det. Foto: Arkiv.