Jordbruksarealet utgjer om lag tre prosent av landarealet i Noreg, ifølgje rapporten « Jordbruk og miljø », som vart lagt fram av Statistisk sentralbyrå (SSB) fredag.

– Det registrerte jordbruksarealet i drift utgjorde 9,82 millionar dekar i 2016. Det er ein reduksjon på 5 prosent frå 1999. Jordbruksarealet i drift hadde ein topp i 2001 med 10,47 millionar dekar, heiter det i rapporten.

Den mest fruktbare jorda, såkalla «fulldyrka jordbruksareal», er blitt redusert med 9 prosent sidan 1999 – frå 8,87 millionar dekar til 8,07 millionar dekar.

Leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag meiner statistikken viser behovet for ein aktiv landbrukspolitikk som stimulerer til jordbruk og matproduksjon over heile landet.

– Den største nedgangen i fulldyrka jordbruksareal finn vi i Hordaland, Sogn og Fjordane og Troms. Dette er område der naturen ikkje gir grunnlag for stordrift, og viser tydeleg at det trengst eit løft for dei små og mellomstore gardsbruka. I tillegg ser vi ein klar nedgang i talet på gardsbruk langs svenskegrensa i Hedmark der mykje må tilskrivast at det har blitt svært krevjande å ha dyr på beite som følgje av auka rovdyrbestand i området, seier Bartnes.

Nedgangen i talet på jordbruksbedrifter har vore størst i Hedmark og Oppland, med høvesvis 2.700 og 2.500 bruk, ifølgje rapporten.