Politiet er kjempenøgde med resultatet av ein omfattande ruskontroll av bilførarar i Møre og Romsdal sist veke. I følgje ei pressemelding frå politidistriktet vart ikkje mindre enn 1875 bilførarar kontrollerte sist veke i Møre og Romsdal politidistrikt. Det gledelege var at berre to av desse vart melde for køyring med promille og ein for køyring i ruspåverka tilstand.

Kontrollane vart utført i samband med kampanjeveka for ruskontroll til det europeiske nettverket for trafikkpoliti.

- Berre tre saker knytt til køyring med promille og rus av 1875 førarar er eit svært oppløftande resultat. Det ser ut til å vere mykje god framferd i desembertrafikken så langt, seier trafikk-koordinator Steven Blindheim i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet hadde kontrollar fleire stader rundt om i heile politidistriktet. I følgje politiet får mesteparten av bilførarane ros. Det var elles nokre få som pådrog seg nokre merknader i samband med kontrollane.

Det var skrive ut gebyr og forenkla førelegg for følgjande: å ikkje ha med førarkortet under kjøring, å ha hatt for mange passasjerar i bilen og feil lysbruk. Elles vart ein mopedist som køyrde rundt med sommardekk på vinterføre anmeldt. Det vart også ein som stakk av frå politiet i samband med kontrollen og ein førar og ein ledsagar som dreiv lærekøyring utan å ha gjennomført det nadsynte trafikale grunnkurset.

- Målet er å er redusere talet på drepne og hardt skada på norske vegar. Politiet vert å sjå med kontrollar i politidistriktet også vidare framover mot jul, avsluttar Steven Blindheim.