Like før dei kom fram til éin og same trafikkontroll måndag morgon for ei veke sidan, stakk tre bilførarar av frå bilane dei høgst truleg hadde stole. Éin av dei, ein mindreårig person, blei tatt hand om av politiet på staden. Minst to andre er framleis på frifot.

– Men, vi har hatt fleire personar inne til avhøyr, og skal avhøyre enno fleire. Dette er ei sak vi prioriterer å nøste opp i, og vi meiner vi skal kunne identifisere personane som lukkast med å stikke av frå staden, seier etterforskingsleiar ved Ulstein og Hareid lensmannskontor, Even Haavik.

Han poengterer at saka ikkje er avslutta.

Natt til den aktuelle måndagen skjedde det eit innbrot i ein bilverkstad i Ulstein, der i alt fire bilar skal ha blitt stolne.