(NPK-NTB): – Viltpåkøyrsel kan skje kven som helst, og det er ei traumatisk oppleving for dei fleste. Derfor er det viktig å halde hovudet kaldt og vite kva ein skal gjere, seier informasjonssjef Espen Farstad i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Han fortel at det skjer rundt 18 viltpåkøyrsler kvar dag. Det vil seie elg, rådyr og hjort.

Det første ein må gjere om uhellet er ute, er å sikre ulykkesstaden med varseltrekant, naudlys og ta på refleksvest. Så må ein sjekke personskade og eventuelt ta omsyn til førstehjelp og ringe 113. Etter det kjem turen til dyret.

Flyktar til skogs

– Dei fleste dyra blir berre skadde og flyktar til skogs. Ein bør difor merke staden der dyret forsvann, for eksempel ved å bruke ein plastpose som ein heng i ei busk ved vegkanten, seier Farstad.

Du skal ikkje sjølv følgje etter dyret, men ringe politiet på 02800. Det blir då sendt kompetente folk, som regel jegerar med sporhundar, som finn fram til dyret.

Kan avlive

Om dyret er hardt skadd og ligg i vegkanten, bør du konferere med politiet før du eventuelt prøver å avlive det.

– Det er svært mange som vil kvi seg for det, og det vil også bli sendt fagfolk til å ta seg av det. Men om dyret lir, og politiet er samde i at det kan avlivast om du har passande reiskap til å hjelpe deg med, kan du gjere det, legg Farstad til.

Ulovleg

Det er ikkje lov å ta med seg døde dyr. Det er heller ikkje lov å køyre frå staden utan å melde frå. Det gjeld sjølv om dyret har stukke til skogs etter ein påkøyrsel.

– Du skal melde frå, seier Farstad.

Operasjonssentralen i politiet stadfestar dette. Ein må ringe politiet, som loggfører person og registreringsnummer på bilen. Det er også viktig å gi så nøyaktige opplysningar som mogleg om staden påkøyrselen skjedde, får NTB opplyst.