Gullet gjekk til Dimna IL

Olger Pedersen var raskaste mann på halvmaraton, Ålesund Nyttårsmaraton. (arkivfoto)

Nyhende

Sist laurdag (30. 12) var det Ålesund Nyttårsmaraton. Deltakarane kunne velje mellom å springe heil- og halvmaraton.

Olger Pedersen frå Dimna IL vann gull i halvmaraton. Han brukte tida 1:16:08.

Einar Orten Trovåg frå Hareid IL sprang inn på tida 1:27:15 og kom på åttandeplass.