Hareid kommune ser at dei treng sikring og utviding av Engeskardtunnelen i Hjørungavåg.

Dei ber i samband med det om tilbod på ein rapport med forslag til løysing og kostnadskalkyle. Synfaring og reise skal vere inkludert i tilbodet.

Som vedlegg til saka ligg det med ein reportasje frå Vikebladet Vestposten med overskrifta «Med hjartet i halsen gjennom tunnelen», der innbyggjarane på Alme fortel om kor redde dei er når dei skal køyre gjennom tunnelen.