Oskar Grimstad, gruppeleiar i Framstegspartiet, har lese saka i Vikebladet Vestposten om at Roy Bikset i Com-Net Maskin AS reagerer på at Olebuda As, eigd av Anders Riise, har vunne brøytekontrakt på to roder.

– Min kommentar er at det er ein uproff struktur at kommunen tidlegare har kalle inn til slike anbods-møte, så slutta med det. Det må vere føreseielege rammer når ein lyser ut anbod, meiner Grimstad. Når det no vart ein annan struktur enn tidlegare kan han skjøne at dei som har levert anbod kjenner seg lurte.

– Eg synest elles det er greitt at politikarar og kommunalt tilsette som er medeigarar i eit forma leverer anbod. Det er såpass små samfunn, at å utelukke nokon for at dei er politisk engasjerte vil verke underleg, kommenterer Grimstad.

– Men du synest ikkje at ordføraren som er hundre prosent frikjøpt for å vere ordførar kjem i ei særstilling?

– Det blir underleg om ordføraren set seg i traktoren og brøyter. Å vere ordførar er ikkje ein åtte til fire-jobb, det er eit tillitsverv, seier Grimstad om meiner at det i desse tilfella er ekstra viktig å vere ryddig, elles blir det fort styr utav det.

– Bør kanskje diskutere nokre felles reglar

Stian Runne Brandal, gruppeleiar i Abridarpartiet, presiserer at han berre kjenner saka gjennom avisa. No som saka er klaga inn til kontrollutvalet stoler han på at dei vil gjere ein god jobb og sjå om det juridisk har gått rett for seg, noko han i grunnen trur. Når saka er ferdigbehandla der, er han gjerne med og diskuterer i formannskapet om dei bør ha nokre reglar for kva ordførarar og andre politikarar bør drive med og ikkje. Ordførar Anders Riise har ikkje gjort noko ulovleg, det handlar meir om ei skjønnsmessig vurdering.

– Det er ikkje heldig at ein ordførar får slike oppslag, kommenterer Brandal som gjerne diskuterer spelereglar for framtida.

Etter boka

– Eg føresett at administrasjonen og alle partar har gjort alt rett etter boka, kommenterer Bernt Brandal som er gruppeleiar for Folkelista. Utover det vil han ikkje kommentere saka.

Ingen kommentar

Marit Øien Sæverud, som er gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti, finn det ikkje rett å kommentere saka til Vikebladet Vestposten sidan ho berre kjenner saka frå lokalavisa. – Dette er heilt klart ei sak for kontrollutvalet, meiner ho.

Tillit til administrasjonen

Annika Brandal, gruppeleiar i Venstre, seier til Vikebladet Vestposten at ho har tillit til at administrasjonen har gjort jobben sin. Utover det har ho ikkje lyst til å kommentere denne saka.

– Ikkje ei politisk sak

Ottar Røyset, gruppeleiar i Høgre, kan ikkje sjå at dette er ei politisk sak. Han har tillit til at administrasjonen har gjort dette rett. – Slik det verkar på meg ser det ut til at alt har gått rett for seg. Har det ikkje det er det ei sak for kontrollutvalet, kommenterer han.

Arbeidarpartiet: Stian Runne Brandal synest dette er ei vanskeleg sak. Arkivfoto Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Venstre: Annika Brandal har tillit til administrasjonen i kommunen. Arkivfoto Foto: Anne Gry Eilertsen