– Me må sikre at Hareid no ikkje har brote reglane om offentleg innkjøp. Det sørgjer administrasjonen for, og dei blir kontrollerte av kontrollutvalet i kommunen. Lova er lik for alle. Der må vere saklege grunnar for at nokon ikkje kan ta del i anbodsprosessen på dei ulike brøterodene, visst ikkje er det også brot på reglane om innkjøp andre vegen, kommenterer varaordføraren.

Tidlegare har det ikkje vore nok tilbydarar til reell konkurranse. Om kommunen har følgt dei strenge rutinane til punkt og prikke vil dei no ha fått det beste tilbodet, seier han.