Søndag vart det klart at Høgre og Framstegspartiet har vorte einige med Venstre om å utvide regjeringssamarbeidet. Dermed får vi ei ny regjeringsplattform, der Venste kjem inn saman med dei opphavlege regjeringspartia.

Ifølgje Gunn Berit Gjerde frå Hareid har både Sunnmørsposten og Aftenposten spekulerert i om ho kan vere aktuell for ein ministerpost i den nye regjeringa, men ho trur meir på ein annan Venstre-politikar frå Møre og Romsdal.

- Eg har peika på Pål Farstad som havromsminister. Ein ny ministerpost utifrå at regjeringa har sagt at dei satsar på å utvikle ny og fornya bruk av havet og alt som det rommar og havbotnen, seier Gjerde i ei melding til Vikebladet Vestposten.

Samstundes seier Gjerde til NRK Møre og Romsdal at ho ville sagt nei til regjeringssamarbeidet med Framstegspartiet.

– Eg fryktar det kjem ting som det er vanskeleg å stå inne for, og det må ein jo når ein er i regjering, seier Gjerde til NRK.

Regjeringsforhandlingane starta 2. januar og dei tre partia har brukt tid på å finne fram til ei løysing.

- Det har vore veldig krevjande, seier Frp sin partileiar Siv Jensen til Aftenposten.

I den nye regjeringsplattforma er det mellom anna gått inn for verning av Lofoten, Vesterålen og Senja, avvikling av pelsdyrnæringa, gjennomføre eit integreringsløft og utvide opningstidene for Vinmonopolet og salstidene før øl i butikk.

I si regjeringsplattform peikar den nye regjeringa på seks hovudutfordringar dei ønskjer å løyse:

1. Omstille norsk økonomi for å skape vekst, nye arbeidsplassar og sikre fleire bein å stå på.

2. Oppfylle Norges klimaforpliktingar, slik at vi tek vår del av ansvaret for å løyse klimautfordringa.

3. Skape eit inkluderande arbeidsliv. Den teknologiske utviklinga skaper store muligheiter for heimflagging av arbeidsplassar, myndiggjering av folk og effektivisering, men utfordrar også eksisterande arbeidsplassar og den enkelte sin kompetanse.

4. Sikre gode velferdsordningar. Det er gledeleg at flere lever lenger, men berekrafta i velferdsordningane er avhengige av at fleire er yrkesaktive lenger.

5. Redusere fattigdom. For mange blir ramma av fattigdom og utanforskap, utan muligheit til å skape seg sitt eige, gode liv.

6. Gjennomføre eit integreringsløft. Den internasjonale migrasjonen er svært lite forutsigbar, og vi må ha ein høg beredskap for raske skiftningar. Vi må lykkast betre med integreringa i arbeidslivet. Det er heilt sentralt både for den enkelte og for berekrafta i våre velferdsordningar.