Sist helg opna Sverre Bjertnes og Bjarne Melgaard felles kunstutstilling i to galleri i Oslo: Rod Bianco og Galleri Brandstrup. Det er ikkje første gongen dei to anerkjende kunstnarane samarbeider, men aldri har vel tilbakemeldingane vore så bra som dei er no. «Dobbelt så bra» skriv Dagsavisen. Aftenposten skriv at det er som om Bjertnes, med sin disiplin og perfeksjonisme, har klart å temme villbassen Melgaard. «Dette er utstillinger på steroider, med det beste fra to verdener» skriv dei.

Gallerist Hugo Opdal har lenge samarbeidd med både Bjertnes og Melgaard. Denne helga opnar han utstilling med desse to rockestjernene av nokre kunstnarar. Laurdag opnar han utstilling med dei i distriktsgalleriet sitt i Ålesund, sundag på Flø.

– Hyggeleg

Bjertnes har fått med seg at dei har fått gode melding. Det synest han er veldig hyggeleg, men meiner sjølv at meldingane ikkje går så mykje inn på han. Han seier at det er ikkje relevant for korleis han arbeider.

Om samarbeidet

På utstillingane i Oslo er det ein del måleri, der Bjertnes og Melgaard har sendt bileta fram og tilbake til kvarandre, der dei har måla over delar av det den andre har målar.

– Er det ikkje irriterande å bli måla over?

– Nei, eg trur ingen av oss tenkjer på det. Slik får me noko nytt inn i bileta, seier Bjertnes som synest det er spennande å sjå kva Melgaard tilføyer kunsten. – Eg set kunstnarskapen til Bjarne høgt, og har alltid likt å jobbe med han, seier han og er glad over at dei no jobbar i lag igjen. Det er fem år sidan sist.

Utstillingane på Sunnmøre inneheld ikkje måleri, men det blir verk av denne serien. På Flø og i Ålesund blir det samarbeidsgrafikk og etsingar. Etsingane er veldig komplisert arbeid, og her har dei to arbeidd i lag. No bur båe i Oslo, så då var det mogleg. Så har dei reist til Helsingborg i lag og fått trykt verka.

Tore å stå utanfor

Melgaard og Bjertnes har i dette prosjektet vore inspirert av forfattaren Stig Sæterbakken (1966-2012). Sæterbakken er mellom anna kjend for å ha tatt livet sitt i ein alder av 46 år, kort tid etter han gav ut ein roman om sjølvmord. Sæterbakken var ein markant forfattar og uredd samfunnsdebattant.

Bjertnes fortel at både han og Melgaard har fatta interesse over Sæterbakken, og har nytta tekstutdrag frå både publiserte og upubliserte verk av Sæterbakken i kunsten sin.

– Sæterbakken var ein sterk kulturpersonlegdom som torde å stå utanfor, seier Bjertnes som forklaring på kvifor dei finn han interessant.

– Privilegium å vere kunstnar

– Kva er det som driv deg i kunsten?

– Nei, eg har aldri hatt noko anna å halde på med. Frå eg var liten er det dette eg har halde på med. Det er eit privilegium å få halde på med kunst. Eg styrer tida mi sjølv. Og det er eit privilegium å få stille ut og halde på på dette viset, meiner Bjertnes.

Har tenkt seg til Flø

Det skjer mykje rundt den tidlegare Odd Nerdrum-eleven for tida. Onsdag denne veka opna det stor utstilling med han i Stavanger. Han kommenterer til Vikebladet Vestposten at det blir mykje reising på han, men han har tenkt å kome til opninga av utstillinga på Flø også.