Sjå biletserie frå Madagaskar

Nyhende

I ei og ei halv veke har elevane ved Sunnmøre folkehøgskule ligge i hardtrening for å gje innbyggjarane i Ulstein ei flott framsyning på Sjøborg. Dei har sydd kostyme, pugga replikkar og øvd inn dansetrinn.

Det har blitt ein flott musikal bygt på Madagaskar-filmane. Torsdag og fredag fylte dei storsalen Sjøborg kulturhus fleire gonger med glade barnehageborn og skuleelevar. No i helga er familiane til folkehøgskuleelevane her for å få sjå den flott framsyninga. Med laurdag er det også plass til andre som vil sjå.



Musikalen Madagaskar

– Hjartet er større enn magen

Når ein er svolten, og ikkje har ete kjøt på mange dagar, kan det vere freistande å ta ein bit av venane sine. I alle fall om ein er ei løve.