Rådmannen rår teknisk utval i Ulstein kommune til å godkjenne at det blir etablert ein gangveg med kryssingspunkt ved fylkesveg 61 i Botnen.

Han rår utvalet til å ta atterhald om økonomisk løyving til tiltaket.

Saka skal opp i teknisk utval torsdag 25. januar.

Farleg skuleveg

På oppsida av vegen bur det skuleborn som må krysse fylkesvegen der bilane susar forbi i 80 km/t. Dei må også gå langs denne vegen, då der ikkje er gangveg. I mars i fjor innvilga kommunen skuleskyss til borna som går på Hasund skule, sidan det er så trafikkfarleg å gå der. Det kostar kommunen 130 000 kroner i året, står det i sakspapira. Nokre av borna går på Møre barne- og ungdomsskule, så dei skal uansett ha skyss til skulen.

Vegen er uansett ei barriere om dei vil besøke vener eller gå på trening etter skuletid.

Det står at kommuneadministrasjonen har hatt ein lang prosess med Statens vegvesen. I lag med bebuarane har dei kome fram til ei løysing.

Grusa gangveg

i sakspapira står det at det tryggaste hadde vore å byggje ein undergang, men det er for dyrt. Men dei vil lage til ein grusa gangveg som er ein meter brei. Der skal også kome nye busskur og det skal fjernast noko vegetasjon for å betre sikta og kome nye veglys.

Gangvegen vil koste rundt 300 000 kr. Dette er pengar kommunen vil spare inn på dei ekstra kostnadene dei no får med skuleskyss. Dei vil be formannskapet og eventuelt kommunestyret om pengar til dette tiltaket.