Marit har budd vekke frå heimbygda Brandal to tredelar av livet sitt, men hugsar godt oppveksten sin.

– Eg var kanskje typisk «snill-pike» i oppveksten, slik som var vanleg då. Men trongen til å gjere det eg hadde mest lyst til blei til eit håp då pappa Peter (Karlsen, red. anm.) sa det var greitt at eg var med til Jan Mayen med «Polarbjørn». Eg gjekk då på ungdomsskulen. Etter denne turen har eg alltid hatt ei dragning mot Arktis, fortel Marit på telefon frå kontoret sitt i Longyearbyen på Svalbard.

Ho hugsar Brandal som ei bygd der fedrane var på jobb, medan mødrene var heime.

– Peter Nevstad og Ågot Landmark var lærarane, og der var to-tre daglegvarebutikkar. Så å seie alle gjekk på sundagsskulen, der Inga Skarbakk og Gjerde-Einar gav oss fiskestempel for frammøte. Det var i tillegg uorganisert fotball for gutane, og «foreining» eller speidar for jentene. Mi oppleving var at det var stor konsensus om kva som var rett og gale, kva ein burde gjere eller ikkje. Men der var godt og trygt å vekse opp, og nokre av mine beste vener har eg frå denne tida, seier Marit.

Mønstra på «Polarstar»

I 1978 mønstra Marit Karlsen Brandal på den ikoniske selfangstskuta «Polarstar» frå Brandal. For etter gymnaset i Ulsteinvik ønskte ho å ta eit friår før vidare studiar.

– Under tida på gymnaset hadde eg verkeleg fått sansen for Svalbard etter nokre sommarekspedisjonar dit. Det var på ein slik ekspedisjon i 1976 at lysta til å overvintre vart tent, då eg frå «Polarstar» såg ei gamal fangsthytte i ein eller annan fjord på Svalbard. Eg ser endå føre meg hytta, men har ikkje peiling på kvar det var eg såg den. Det var også under desse ekspedisjonane at interessa for geologi vakna, då eg fekk eit innblikk i korleis geologane i Norsk Polarinstitutt jobba. Isbrear og korleis desse formar landet kjem svært tydeleg fram på Svalbard, der det ikkje er vegetasjon som dekkjer over. Og dette ville eg lære meir om, seier ho.

Marit jobba også mellom anna som mess på «Gadus Atlantica» frå Noreg til Newfoundland i Canada, og seinare dette året var ho som sagt på selfangst med «Polarstar», på Newfoundlandsfeltet.

– I 2016 skreiv eg boka «Maskinpike på selfangst», om selfangsten dette året. Denne boka er tidlegare skrive om i Vikebladet Vestposten. Selfangstopplevinga er noko av det mest lærerike eg har opplevd. Ikkje berre om fangst på ishavet, men like mykje om folk, og då spesielt menn, og korleis ein innrettar seg i eit lukka samfunn over tid. Samhaldet, omtanken og respekten for kvarandre som eg opplevde om bord «Polarstar» i desse månadane, er noko eg unner alle å få oppleve, seier Marit.

– Felles interesser førte oss saman

Då ho skulle byrje på geologistudiar flytta ho frå Brandal til Oslo.

– Der trefte eg Steinulf, som også studerte geologi. Eg trur det var ei felles interesse for Arktis som førte oss saman, og det gjekk ikkje lang tid før vi bestemte oss for å prøve å overvintre på Svalbard.

Historia om denne overvintringa, som fann stad i ei gamal hytte på Gråhuken nord på Svalbard i 1982/83, i tillegg til mykje anna, er samla mellom to permar i boka «Gråhuken – Fangst og Ferie på 80 grader nord», som Marit gav ut på eige forlag i fjor haust. Denne er mellom anna å få kjøpt på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal.

Etter geologistudia i Oslo jobba Marit for eit oljeselskap i Stavanger. I vaksen alder tok ho så tilleggsutdanning innan økonomi, noko som førte til andre jobbar.

– Eg har vore leiar for Ullrigg Bore- og Brønnsenter (testområde for offshoreindustrien) og leiar for etter- og vidareutdanninga ved Universitetet i Stavanger, før eg enda opp i Innovasjon Norge Rogaland, seier Marit.

Fekk bu og jobbe på Svalbard

Marit og familien har hatt hytte på Revneset på Svalbard sidan 1985, og har kvart år reist oppover. På 90-talet budde dei også ein periode i Longyearbyen, der Steinulf jobba for kolselskapet. Men så skulle moglegheita til å igjen få bu på Svalbard kome.

– For snart to år sidan oppretta eg eit toårig prosjektkontor for Innovasjon Norge her i Longyearbyen for å jobbe med omstilling av næringslivet i samband med at Store Norske Kullkompani mista mange arbeidsplassar. Svalbard er først og fremst sterkt prega av politiske føringar, og har i det seinare også eit stort forskingsfokus. Men det er ynskjeleg at det skal vere eit «normalt» familiesamfunn her oppe, og også «normale» arbeidsplassar. Innovasjon Norge jobbar for nye arbeidsplassar, samarbeid mellom bedrifter, også internasjonalt. Framtida til Longyearbyen er nok ikkje berre Svalbard, men byen kan ta ein viktig posisjon som hub for til dømes SAR (Search and Rescue) for heile Høg Arktis. Men då må det meir internasjonalt samarbeid til. Her kan også Innovasjon Norge spele ei rolle, seier Marit.

1. april er det attende og heim til Stavanger.

Svalbard – ein andre heim

For Marit og familien er Svalbard ei heilt spesiell øy.

– I tillegg til mine og mannen min sine røter her oppe, har også ungane mine no ei viss rot her nord. Hytta vår, og naustet i Longyearbyen, er «vår andre heim». Og etter vi var ein sommar på Gråhuken med ungane 20 år etter overvintringa, har dei på eit vis også ein fot i den, som eg trur betyr noko for dei. Gråhuken er nesten så langt nord du kan kome på Svalbard, og soleis ein stad der du verkeleg kan gløyme tid og rom. Når vi har vore så heldige å få vere i ei slik «boble» i 13 månader, er det noko som ein ikkje får ut av kroppen etterpå. Men det pregar livet etterpå – ein har fått eit nytt referansepunkt.

Slo rot i Stavanger

Marit skal som sagt tilbake til Stavanger etter opphaldet på Svalbard.

– Eg føler meg som ein rogalending, med tre ungar som snakkar kav stavangersk,

På spørsmål om ho saknar heimbygda Brandal, svarer ho:

– Det er vel kanskje slik med dei fleste at når ein har budd vekke meir enn to tredelar av livet, så har ein slått rot ein annan plass. Så også med meg. Men der er nokre folk som er døde som eg gjerne skulle hatt ein siste prat med. Nokre av historisk interesse, og andre av personlege grunnar.